Fastrentene til Lånekassen aukar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

UTDANNING: Aukar satsane for bindingstid på tre, fem og ti år.

DEL

Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. januar vere 2,472 prosent for tre års bindingstid, 2,804 for fem år og 3,309 for ti år.

Dei tre satsane aukar med høvesvis 0,127 prosentpoeng, 0,117 prosentpoeng og 0,145 prosentpoeng, opplyser Lånekassen.

Viss marknaden utviklar seg slik prognosane tilseier, vil den flytande renta i Lånekassen, som i dag er på 2,09 prosent, auke med 1,25 prosentpoeng innan 2022 til 3,34 prosent.

Berre rundt åtte prosent av dei vel 640.000 eks-studentane som i dag betaler tilbake studielånet sitt, har fastrente på lånet, ifølgje Lånekassen.

Artikkeltags