Sunnfjord kommune skriv på sine nettsider tysdag at Telenor melder om ustabilitet på mobildata.
Det er difor fleire tryggleiksalarmar som kommunen ikkje har stabil kontakt med.
Heimetenesta reiser på ekstra tilsyn til dei det gjeld, opplyser kommunen.
Fleire som har kontakta Firda, seier at dei ikkje har hatt mobildekning i det heile sidan før eittida tysdag, og at ein må ned mot Moskog for å kunne ringe.