Usemje om møtepraksis i Vestland

FOR LANGT Å REISE: Kulturskulerektor Stein Høyland i Bømlo meiner dei aller fleste fellesmøta i nye Vestland må leggjast til Bergen grunna store avstandar i det nye storfylket.

FOR LANGT Å REISE: Kulturskulerektor Stein Høyland i Bømlo meiner dei aller fleste fellesmøta i nye Vestland må leggjast til Bergen grunna store avstandar i det nye storfylket. Foto:

Av

Kulturskulerektor Stein Høyland i Bømlo meiner dei aller fleste fellesmøta i nye Vestland må leggjast til Bergen grunna store avstandar i det nye storfylket. Han møter motstand frå kulturskulerådsmedlem frå gamle Sogn og Fjordane.

DEL

Då kulturskulerådet i nye Vestland hadde første fellesmøte i Førde i desember i fjor, møtte berre 2 av i alt 30 kulturskulerektorar frå gamle Hordaland fylke.

– Det kjennest enkelte gonger som ei «Afrikareise» å dra så langt nord som til Førde. Bergen må vere den kortaste reisevegen for dei fleste og møta må difor i stor grad leggjast dit, seier Høyland, som var ein av dei som lèt vere å møte i Førde i desember, til NRK.

Styremedlem i kulturskulerådet i Vestland, Jan Geir Solheim frå Lærdal, er provosert over haldninga til Høyland og meiner han utviser rein arroganse.

– Det kan ikkje vere slik at det er lengre å reise frå Bergen til Førde enn frå Førde til Bergen. Alle må setje av tid, anten møtet er i Førde eller Bergen, seier han til statskanalen.


Artikkeltags