Up tok åtte for fart i 60-sone i Førde

Like før delte ferska same patrulje sju personar i sentrum for mobilslurv og manglande bilbeltebruk.

DEL

Up hadde torsdag kveld ein åtferdskontroll og ein fartskontroll i Førde.

Frå 18.30 til 20.00 vart seks bilførar straffa med kvar si bot for å ha brukt mobiltelefon under køyring. Ein annan måtte punge ut for å ha køyrt utan setebelte.

Kort tid etter flytta patruljen seg for å kontrollere fart, men dei flytta seg ikkje særleg langt. I 60-sona på Bruland i Førde tok dei frå 20.45 til 23.00 åtte bilsitar for å vere for harde på gassen.

Den høgste målte farten Up-patruljen målte her var 73 km/t.

Artikkeltags