Up tok 20 i laserkontroll på rv.5 – mann i 30-åra mista lappen

Ein mann i 30-åra frå Sunnfjord må sjå langt etter lappen etter at han vart lasermålt til 117 km/t i ei 80-sone.

DEL

Up-kontrollen der mannen vart teken skjedde måndag, i 80-sona på rv. 5 ved Hovland i Eikefjord.

Mannen i 30-åra vart også meldt for fartsbrotet, der Up-patruljen målte han til 117 km/t.

Han var heller ikkje åleine. I same kontroll vart det delt ut 20 forenkla forelegg for høg fart. Den høgste farten blant desse var 104 km/t.

Artikkeltags