Gå til sidens hovedinnhold

Up låg på lur – 16 må punge ut

Artikkelen er over 1 år gammel

Den største fartssyndaren blei teken i 102 km/t.

I helga hadde Utrykkingspolitiet to fartskontrollar i Sunnfjord. Den første kontrollen hadde dei fredag kveld mellom klokka 22.30 og 02.00, på rv. 5 ved Erdal.

Den høgste farta var målt til 90 km/t i ei 70-sone, og til saman fekk sju førarar forenkla førelegg denne kvelden.

Laurdag hadde Up også ein fartskontroll.

Då stod dei ved Eikås på E39, mellom Førde og Vassenden frå klokka 22.10 til 01.15. Her var det ni førarar som måtte punge ut etter å ha trakka for hardt på gasspedalen.

Den med tyngst fot av desse hadde ei fart på 102 km/t i 70-sona.