For kort tid sidan var parkering gratis overalt i Førde. Det har endra seg raskt. No er det betalt parkering på Alti, Firda Billag og i sentrum sør. I tillegg held Sunnfjord Hotell på å utvikle sitt eige system, og flyplassane har nyleg gått over frå eitt system til eit anna.
Den gode nyheita er at alle betalingsparkeringane fungerer på omtrent same måte. Den dårlege nyheita er at det er ulike betalingsordningar. I tillegg varierer det kva det kostar, når du må betale og kor lenge du kan stå gratis.
Kameraregistrering
I Førde er det kameraregistrering på alle parkeringsplassar. Det betyr at bilnummeret ditt vert registrert automatisk i det du køyrer inn på parkeringsplassen. Det er altså umogleg å få parkeringsbot, sidan det er umogleg å ikkje registrere seg. Det som er mogleg, er å få eit fakturagebyr. Viss du ikkje nyttar nokon av betalingsløysingane, vil du få ein faktura i posten. Då vert det lagt på eit fakturagebyr, og det kan gjerne vere ein heil del høgare enn det du skal betale i parkering.
Så korleis går du fram for å betale for parkeringa og unngå fakturagebyret? Her er det tre alternativ.
1) Du kan registrere deg. Du må registrere bilnummer og betalingsinformasjon anten på ei nettside eller ein app. Viss du har gjort dette vert du trekt automatisk når du køyrer ut av parkeringsplassen.
2) Du kan betale på nett. I løpet av dei neste 48 timane etter at du køyrde ut av parkeringsplassen, kan du gå inn på ei nettside og skrive inn bilnummeret ditt. Då får du opp det du skal betale og korleis du skal betale det.
3) Du kan betale på automat. Alle parkeringsplassane har framleis ein betalingsautomat der du kan skrive inn bilnummeret ditt og betale med kort før du køyrer ut av parkeringsplassen.
Dette er felles for alle parkeringsplassane i Førde og på flyplassane, men dei nyttar ikkje same betalingsløysing. Det held derfor ikkje med ein app, ei nettside, eller å registrere seg ein gong.
Vart trekt for parkering i Førde sjølv om han var vekkreist med bil
Kva betalingsløysingar er det?
Her er dei ulike betalingsløysingane, korleis dei fungerer og kvar dei er i bruk:
APCOA
Alti Førde Nord
Alti Førde Sør
Firda billag

Har fått «ny jobb» som parkeringsvakt. Er framleis ikkje nøgd med kommunen
EasyPark/ParkPay
Sentrum sør

Sunnfjord kommune snur om betalingsparkering
InPark
Sunnfjord Hotell

Måtte stå vakt for å sikre kundane parkering. No blir det betalingsordning også her
OnePark/Autopay
Flyplassane
Andre gode råd
Viss du registrerer deg og vert trekt automatisk er det viktig å hugse på at det går på registreringsnummer – ikkje person. Viss du køyrer ein annan bil enn du pleier, og denne bilen ikkje er registrert, risikerer du å få ein faktura i posten. Det same kan skje viss betalingskortet er gått ut.
Eit køyretøy kan berre vere knytt til éitt betalingskort. Det gjer at ein unngår dobbel betaling, men er verdt å vere obs på viss fleire personar nyttar same køyretøy.
Det er òg lurt å slette registreringsnummeret frå appen/nettsida viss du sel bilen. Viss ikkje risikerer du å betale parkering for den nye eigaren.

Tre gongar så mange bedrifter gav til TV-aksjonen

Hilde manglar eldsjeler. Kven skal få 10.000 kroner?
