Gå til sidens hovedinnhold

Unio trappar opp streiken med over 13.000 medlemmer neste veke

Unio kommune varslar at dei frå onsdag neste veke tek ut ytterlegare 13.370 medlemmer i streik over heile landet.

Frå og med onsdag neste veke tek Unio kommune om lag 13.370 fleire ut i streik i barnehagar, skular, helseinstitusjonar og bibliotek og andre kommunale verksemder over heile landet.

Då vil i så fall over 20.760 medlemmer vere i streik.

Kommunane som allereie er ramma, og som no melder om opptrapping, er Alta, Bærum, Bergen, Bodø, Haugesund, Kristiansand, Trondheim, Stavanger, Levanger, Ringsaker, Sunnfjord, Tønsberg og Ålesund.

I tillegg blir Fredrikstad, Porsgrunn og Drammen ramma i det nye uttaket.

– KS må ta dette samfunnsproblemet på alvor og gi eit anstendig tilbod som kan bidra til å gjere yrka meir attraktive, seier nestleiar Silje Naustvik i Sjukepleiarforbundet.

– Medlemmene våre gjer ein uerstatteleg innsats for samfunnet. Det er komplekse og krevjande oppgåver som krev høg kompetanse og lang utdanning. Det er inga overdriving å seie at utan den uunnverlege kompetansen vår, stoppar Noreg, understrekar nestleiaren.

Kommentarer til denne saken