Gå til sidens hovedinnhold

Unge over 18 år blir flytta fram i vaksinekøen

I den oppdaterte vaksinestrategien til regjeringa skal unge vaksne få koronavaksine tidlegare enn det som var den opphavlege planen.

– Regjeringa løftar dei unge fram i vaksinekøen fordi smitten er høgast blant dei unge. Unge vaksne har meir sosial kontakt enn eldre vaksne og bidreg meir til smittespreiinga, sa statsminister Erna Solberg då ho heldt koronapressekonferanse onsdag kveld.

Endringane inneber at aldersgruppa over 18 år får vaksine så snart vaksinasjonen av alle over 45 år er ferdig.

– Då vil aldersgruppene 18–24 år og 40–44 år få tilbod om vaksine samtidig. Etter dei vil aldersgruppa 25–39 år blir tilbydd vaksine, opplyser regjeringa.

Solberg påpeikar at mange unge har vorte hardt ramma av tiltaka, sjølv om regjeringa har prøvd å verne dei.

– At unge kan ha meir kontakt med andre og leve friare liv er veldig viktig, samtidig vil det å vaksinere unge først bidra til å avgrense smittespreiinga, seier Solberg.

Då Vorland-utvalet, som har vurdert vaksinasjonen i Noreg, la fram rapporten sin tidlegare denne veka, tok dei til orde for at regjeringa bør vurdere å flytte 18-25-åringar fram i vaksinekøen.

Dei grunngav dette med den skeivfordelte tiltaksbyrda gjennom pandemien, mobiliteten og bidraget gruppa hadde til smittespreiinga.

Kva aldersgrupper som bør prioriterast i vaksinasjonsprogrammet vidare, er noko av det regjeringa har bede FHI sjå nærare på vurderinga si av vaksinestrategien. Vurderinga vart levert til regjeringa tysdag.

– Når vaksinasjon av unge kan starte i kommunane vil variere noko, men det vil for enkelte kommunar skje allereie frå byrjinga av juni, opplyser regjeringa.

Kommentarer til denne saken