– Vi ville ha eit arrangement for bygda, og det blei kino, seier Andreas Fluge Hoff (11).
– Eg var med å skanne billettar. Heile greia var gøy! legg han til.
Kjersti Østerbø Bell er klubbrådgjevar og hadde ei hjelpande hand med i kvelden.
– Det var litt tilfeldig at det blei kino. Som ein del av 4H måtte ungdommane organisere eit arrangement, og dei valde kino, seier Bell.
– Det blei profesjonelt
Bygdekinoen er ein organisasjon som tilbyr bygder som ikkje har kino, profesjonelt utstyr for å ha framsyningar av filmar.
– Det blei veldig profesjonelt. Alle måtte kjøpe billettar på nettet og billettane blei skanna då dei kom inn, seier Østerbø Bell.
For ungane var det viktig at dei fekk gi bygda den fulle kinoopplevinga, og det kunne ikkje vere kino utan kiosk.
– Det var også viktig for ungane at vi selde litt snop, og dei ville spesielt at vi selde popkorn, seier Østerbø Bell.
Og det var heller ikkje ein gammal film frå 90-talet, men Bygdekino let deg velje filmar som er på kinoar rundt om i landet no.
– Vi landa på den nye Olsenbanden-filmen. Den er fin for vaksne og ungar, fordi vi hadde eit stort alderspenn på kvelden, seier ho.
Ungane som organiserte kvelden var mellom ti og tolv år, fortel klubbrådgjevaren.
– Publikumssuksess
Østerbø Bell fortel at det var svært godt oppmøte på kinodagen.
– Vi selde mellom 90 og 100 billettar. Vi ser det som ein stor suksess, seier ho.
– Får de lyst å gjere dette igjen?
– Ja, det får vi sjå. Først skal ungane legge fram ein rapport om korleis alt gjekk. Ungane har faktisk funne ut at vi tente litt pengar på framsyninga. Det er mogleg vi gjer det igjen, seier Østerbø Bell.

Oppvask i PostNord etter denne forbikøyringa. Sjå videoen her

Lyskrysset i Førde gjekk i svart
_1.jpg?chk=5905A5)