Terrorisert av familiehunden i Thailand

SAKSOFON: Med mykje tid til rådigheit bestemte Jim seg for å ta med seg saksofonen til Thailand for å forsøke å lære seg noko nytt.

SAKSOFON: Med mykje tid til rådigheit bestemte Jim seg for å ta med seg saksofonen til Thailand for å forsøke å lære seg noko nytt. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

For Jim (17) er galne hundar, militærtrening og køyretimar i storbyar å rekne med når han har sommarferie.

DEL

For Jim Steven T. Igland (17) er sommarferie synonymt med besøk i Thailand, der tanta hans bur. Det betyr også at han kan vente seg ein sommar full av overraskingar, for ikkje å snakke om ein smule galskap. Denne gongen skal han lære seg å køyre, midt i Chiang Mai, ein av Thailand sine største byar.

Stress i trafikkaos

– Det er ikkje SÅ stor forskjell, anna enn at dei køyrer på motsett side av vegen. Eller jo, ein stor del av trafikken er motorsyklar, mange av dei overlasta og verken passasjer eller sjåfør brukar hjelm. Gjerne har dei ikkje meir enn flip-flops på føtene. Og så tutar alle saman, alle vil fram, og det er avgrensa kor mykje omsyn dei tar til at du er nybegynnar. Å begynne å køyre her var ein av dei mest stressande opplevingane eg har hatt!

THAILAND: Jim bur i denne hytta på tanta sin eigedom.

THAILAND: Jim bur i denne hytta på tanta sin eigedom. Foto:

Trass dette påpeikar han at køyrelæraren hans er veldig grei.

– Berre eit lite problem: eg mistenker at han har ei litt omvendt engelsk ordbok. Når han roper «NEVERMIND», så meiner han eigentleg «fortsett» eller «bra»!

Sett til militærtrening

Jim er halvt Thailandsk, og sjølv om han ikkje eigentleg snakkar språket, kan han mange nok ord til blant anna å nytte seg av «lokal-prisar», i staden for å betale den dyrare turistprisen. Dei billege prisane, saman med det at han bur hos familie i staden for dyre hotell, gjer at ferien vert relativt rimeleg. Så langt har han vore i Thailand seks gongar, og kvar gong har han komme heim med ei ny sprø historie å fortelje. Som for eksempel:

– Familien min her har sett meg til militærtrening.

Ei setning som kanskje får varsellampar til å blinke, men heldigvis har Jim er forklaring:

HOT POP: Her et han eit måltid saman med soldatane som trenar han.

HOT POP: Her et han eit måltid saman med soldatane som trenar han. Foto:

– Heile familien til tanta mi er aktive i militæret på ein eller anna måte, og vi har fleire soldatar som bur på eigedommen. Familien meinte at eg burde prøve å komme litt meir i form. Dermed har dei avtalt at eg får treningsoppgåver frå soldatane, som for eksempel situps, squats, jogging og andre øvingar. Soldatane er ikkje så skumle som du kanskje trur!

Kaotisk trafikk og soldatar er han altså ikkje særleg redd lenger. Men kva er han då redd for? Eller kven, rettare sagt.

Sist han var i Thailand vart han terrorisert av familien sin hund, Toi.

– Kvar dag gav eg han kjøttbollar slik at han skulle kjenne meg igjen. Men sannsynlegvis hadde han demens, så han knurra til meg heile tida. Då eg fekk høyre at Toi hadde døydd vart eg trist, men også letta over å sleppe å ha ein hund som truar meg kvar dag.

Gleda var likevel kortvarig.

– Då eg kom tilbake fant han ut at familien hadde skaffa seg ein ny hund, Ma'kham. Han er verre enn Toi.

INGEN DRESS: I Førde er Jim er kjend for å gå med dress til ei kvar tid, men i den tropiske heten kjem funksjonalitet først.

INGEN DRESS: I Førde er Jim er kjend for å gå med dress til ei kvar tid, men i den tropiske heten kjem funksjonalitet først. Foto:

Artikkeltags