– Bør vere forsiktig

På kartet ser du vennene dine som avatar-figurar.

På kartet ser du vennene dine som avatar-figurar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Med Snapchat si nye oppdatering kan vennene dine sjå kor du befinner deg til eikvar tid. Det synest fleire er ubehageleg.

DEL

For nokre dagar sidan lanserte Snapchat ein ny kart-funksjon der du kan sjå kor snapchat-vennene dine oppheld seg meir eller mindre i sanntid. Det er opp til brukaren sjølv å skru på funksjonen.

Søskenborna Maria Lothe (16) og Oda Lothe (16) frå Sandane var begge raske med å laste ned appen. – Kartet er veldig fint å bruke for å finne ut kor vennene min er no i ferien og å sjå kven som er heime, seier Maria.

16-åringane Maria (t.v.) og Oda Lothe har blanda kjensler knytt til det nye Snapchat-kartet.

16-åringane Maria (t.v.) og Oda Lothe har blanda kjensler knytt til det nye Snapchat-kartet. Foto:

Samtidig synest dei det er litt skummelt at dei lett kan bli spora opp. – Du har jo knapt privatliv lenger. Når du først har gitt appen løyve til å bruke plasseringa di, veit alle kor du er til eikvar tid, påpeikar Maria.

– Mamma var for eksempel ikkje klar over at ho hadde skrudd på funksjonen og dermed var synleg på kartet, seier Oda.

Maria Lothe (16)

Maria Lothe (16) Foto:

Oda Lothe (16)

Oda Lothe (16) Foto:

Det dei er mest redd for, er at dei skal bli tatt i ei løgn, og dei konkluderer smilande at dei vert nøydde til å blokkere foreldra frå kartet.

– Funksjonen gjer det også veldig mykje enklare dersom nokon begynner å «stalke» deg, legg Oda til. Det er berre folk du er venner med, som kan sjå deg på kartet. Derfor er jentene bevisste på å ikkje legge til folk dei ikkje veit kven er.

Elena Tefre (20) frå Redal brukar ikkje Snapchat så ofte, men synest det er ubehageleg kor mykje informasjon som vert samla inn via mobilen.

– Det er ein genial ide, og sikkert nyttig dersom du prøver å spore opp nokon. Likevel er det veldig ekkelt å bli overvaka på den måten, og du veit aldri kva folk kan gjere med informasjonen, seier Elena Tefre.

Elena Tefre (20)

Elena Tefre (20) Foto:

Ifølge Snapchat er 54 prosent av brukarane i Norge yngre enn 35, og den mest utsette brukargruppa er truleg barn. Derfor meiner Thomas Haugan-Hepsø i Medietilsynet det er viktig at foreldre kjenner til dei sosiale media som barna bruker.

– Ettersom vi veit at tenesta har mange unge brukarar, er det viktig at foreldra kjenner til denne type tenester og at dei bruker det på ein trygg og fornuftig måte, seier Haugan-Hepsø til Dagbladet. Han oppfordrar foreldre til å teste ut og utforske sjølv, slik at dei kan rettleie barna sine.

Dette er Snap Map

- Dersom du skrur på Snapchat-kartet, bruker appen posisjonen til telefonen din til å vise kor du befinner deg på eit kart.

- Posisjonen vert oppdatert kvar gong du opnar appen, og dersom du klikkar på nokon på kartet, kan du sjå når den sist vart oppdatert.

- Det er brukaren sjølv som må velje å skru funksjonen på, og det går berre an å dele posisjonen din med dei du har akseptert på vennelista.

- Ein kan også sjå kor andre befinner seg utan å vere synleg sjølv, via «ghost mode».

Artikkeltags