Så mange vil klatre med Håvard (18) at det er venteliste

LÆRER RESTEN: Håvard Sandal Høyvik og ungdomsgruppa i turlaget begynte med ungdomsklatringa for å skape eit klatremiljø for ungdom i Førde. – Utan at ein organiserer aktivitet er det få som kan begynne med klatring utan vidare – ein treng ein del kunnskap, spesielt på sikringsbiten, seier Håvard.

LÆRER RESTEN: Håvard Sandal Høyvik og ungdomsgruppa i turlaget begynte med ungdomsklatringa for å skape eit klatremiljø for ungdom i Førde. – Utan at ein organiserer aktivitet er det få som kan begynne med klatring utan vidare – ein treng ein del kunnskap, spesielt på sikringsbiten, seier Håvard. Foto:

FØRDE: Av og til pendlar Håvard Sandal Høyvik (18) frå Sogndal til Førde og tilbake berre for å vere klatreinstruktør. Kvar søndag instruerer han i to timar. Bussen tar tre.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Det krev jo at ein er engasjert og har lyst til å halde på med litt dugnad, seier Håvard Sandal Høyvik.

Han er leiar i ungdomsgruppa til Indre Sunnfjord Turlag, og har vore det i tre år. Håvard kjem frå Førde, men går på vidaregåande i Sogndal.  I haust starta turlaget med ungdomsklatring i klatreveggen på Sunnfjordhallen Beach Center kvar søndag.

– Det er kjekt når folk er intressert i det vi arrangerer. No er det fleire og fleire. Det er kjekt, då veit ein at den tida ein brukar ikkje er forgjeves.

Populært tilbod

Og interessa er der. På ungdomsklatringa han er med å arrangere, er det no venteliste for å få vere med. Sist påmelding blei dei tolv plassane fylt opp på berre 10 minutt.

– Det er nok populært fordi det er nytt og spennande, og få som har prøvd det før. Dessutan trur eg mange synest klatring er artig og sosialt sidan ein treffer nye folk, men kanskje spesielt fordi det er noko anna enn den vanlege lagidretten, som fotball og handball.

SIKKERHEIT FØRST: Helene Steinsbø Støfring (17) sikrar venninna i klatreveggen.

SIKKERHEIT FØRST: Helene Steinsbø Støfring (17) sikrar venninna i klatreveggen. Foto:

Håvard har vore med i styret til undomsgruppa til Indre Sunnfjord Turlag i totalt fire år. Han har vore med på å planlegge og arrangere turar og møte – alt på dugnad.

– Eg har brukt ein del tid på det, men ikkje slik at det er uoverkommeleg. Eg skal heller ikkje ha all æra for det som skjer, for utan resten av gjengen i styret, hadde ikkje vi hatt like mykje aktivitet som i dag. Eg synest det eg gjer er kjekt, spesielt når ein ser andre meistrar noko, og dessutan får eg jo halde på sjølv og, så det er jo to fluger i ein smekk, seier han med ein latter.

ADRENALIN: Ane Brekke (16) prøver falltrening: – Eg fekk skikkeleg adrenalinkick og sommarfuglar i magen i starten, for det kjennest veldig unaturleg å hoppe med vilje, men for ein meistringsfølelse etterpå!

ADRENALIN: Ane Brekke (16) prøver falltrening: – Eg fekk skikkeleg adrenalinkick og sommarfuglar i magen i starten, for det kjennest veldig unaturleg å hoppe med vilje, men for ein meistringsfølelse etterpå! Foto:

Skal låne ut toppturutstyr gratis

I fjor arrangerte dei turar til Via Ferrata, kajakk-camp og eit par toppturar. Det skal dei fortsette med, i tillegg til eit par nye planar.

– I vinter skal vi til ungdommar leige ut ti skipakkar verd 10.000 kroner, heilt gratis. I tillegg skal vi organisere toppturar og kanskje campar. Vi jobbar og med å få på plass fjellturar for dei med nedsett funksjonsevne, noko liknande programmet «Ingen Grenser» på NRK.

UTFORDRING: – Det kjekke er når ein utfordrar seg sjølv, og ser at ein klarar meir enn ein trur. Det seier Marylin Lesto Lykkebø (17).

UTFORDRING: – Det kjekke er når ein utfordrar seg sjølv, og ser at ein klarar meir enn ein trur. Det seier Marylin Lesto Lykkebø (17). Foto:

– Alt vi gjer handlar mykje om å gi folk ei moglegheit, eit tilbod og ein meistringsfølelse som ikkje dei har hatt frå før, legg han til.

Etter vidaregåande ventar Forsvaret for Håvard.

– Det blir verre å fortsette framover sidan eg først skal i Forsvaret og kanskje studere ein plass etter det, så eg håpar det er andre som vil ta over plassen min i turlaget. Men så kan det jo hende at eg held fram i ei ungdomsgruppe ein annan plass.

Artikkeltags