Ungdom bada og drakk seint på natta- det enda med at politiet måtte ta turen

Politiet måtta ta hand om bading, vinglete køyring og sinte folk natt til søndag.

DEL

Like før klokka 03.30 natt til søndag, fekk politiet meldingar om ungdom som bada ved båthamna i Høyanger. Ungdommen drakk og lagde mykje støy.

– Politiet reiste ut og bad ungdommane roe seg, noko det verka til at dei gjorde, seier Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon.

Prøvde å kome seg inn med falsk legitimasjon

Også i Sogndal kom det melding om rus og bråk, men ikkje med like god stemning som ved båthamna i Høyanger.

– Politiet reiste ut til ein utestad der ein mann i 20- åra lagde dårleg stemning og var kverulerande. Det enda til slutt med at han blei vist vekk frå sentrum, noko det såg ut til at han respekterte, seier Rebnord.

Også ved Dampen Pub og Bistro i Vik blei ein person vist vekk frå utestaden. Han prøvde å kome seg inn med falsk legitimasjon, men lukkast altså ikkje med dette.

Mange meldingar om vinglete bilkøyring

I Florø fekk politiet fleire meldingar natt til søndag melding om ein bil som køyrde veldig vinglete.

– Eit vitne fortalde at ho såg at bilen var i ferd med å køyre av vegen. Patruljen reiste ut og tok ein kontroll av bilen. Alt synte seg å vere greitt. Det var heller ikkje mistanke om at den mannlege sjåføren køyrde i ruspåverka tilstand, seier Rebnord.

Artikkeltags