Skal du ta eksamen som privatist?

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Dette er det du treng å vite:

DEL

Den mest vanlege måten å ta utdanning på er sjølvsagt å gå på skule. Men dersom du av ein eller annan grunn ikkje kan ta eit fag på vanleg måte, eller ønsker å forbetre ein karakter, kan privatisteksamen vere aktuelt for deg.

Kort fortalt er dette ei ordning der du betalar for å ta ein enkelt eksamen. Du får då ein karakter som gjeld på same måte som ein vanleg standpunktkarakter. Forskjellen er at du som privatist sjølv er ansvarleg for å lære deg stoffet, du får ikkje undervisning i eit klasserom.

Vel eit fag

Tenk gjennom kva fag du vil ta, diskuter med ein rådgjevar eller foreldra dine og meld deg opp i god tid! Oppmeldingsfristen er 1. februar for vårsemesteret, og 15. september for haustsemesteret.

Betal 1057 kroner

Oppmeldinga gjer du på PrivatistWeb. Du vel sjølv kor du vil ta eksamenen, men ver obs på at eksamenslokalet kan bli endra fram mot eksamensdatoen. Eksamensgebyret er på 1057 kroner, eller 2115 kroner dersom du tar opp igjen fag du har bestått. Beløpet må betalast med ein gong og kan ikkje refunderast.

Lær deg stoffet

Lag deg ein førebuingsplan. Du har truleg fem månadar på deg å lære fagstoff som svarar til eit heilt skuleår. Men slapp av, det går faktisk ganske fint – dersom du ikkje slappar heilt av! Eitt tips er å lage ein plan for kor lang tid du skal bruke på kvart kapittel.

Skaff bøkene

Skaff deg oversikt over kva for bøker du treng. Vurderingsplanar og pensum ligg tilgjengeleg på nettet. Dersom du går på skule, kan du låne bøkene på skulebiblioteket, der bibliotekaren kan hjelpe deg med kva bøker du treng. Elles kan du sjekke på ditt lokale bibliotek, eventuelt kjøpe di eiga bok.

Spør elevar og lærarar om tips

Om du har moglegheit, spør ein lærar som underviser i faget, om kva du kan forvente deg på eksamensdagen. Det kan også vere nyttig å snakke med elevar som har tatt faget tidlegare.

Sjekk korleis eksamen er lagt opp

Ved munnleg eksamen kan du til dømes få 30 minutt førebuing frå du får utlevert temaet ditt, til du skal inn til sensor. Dersom du ikkje får beskjed om korleis eksamenen er organisert, kan det vere lurt å ta kontakt med skulen du skal ta eksamenen på.

Vit kor tid du skal møte opp

Gjer deg klar til eksamen.Sjekk PrivatistWeb i god tid før eksamensdagen slik at du er sikker på at stad, dato, klokkeslett, tekniske krav og førebuingsdag er i boks. Tekniske krav er spesielt viktig dersom du skal gjennomføre skriftleg eksamen på datamaskin.

Vis kva du kan

I eksamenssvaret er det viktig å vise til fakta, men du skal også vise at du kan tenke sjølvstendig og reflektere rundt temaet.

Ikkje fornøgd med karakteren?

Frå du får eksamensresultatet har du ti dagar på deg til å levere ei skriftleg klage. Denne skal leverast til skulen der du tok eksamenen.

Lykke til!

Kjelder: Utdanningsdirektoratet og Nordland fylkeskommune.

Artikkeltags