Gå til sidens hovedinnhold

Kristine vil date Bjarte Tjøstheim

UNG: Kristine Strøm (17) frå Nordfjordeid har sett NRK-serien Presten fem gongar.

Artikkelen er over 2 år gammel

Viss du kunne vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

Då trur eg at eg hadde gitt alle elevar sånne kontorstolar som er gode å sitte i. Undervisninga skulle vore gjort litt lettare og kjekkare, med filmar og sånn. Så skulle vi hatt ut-og-sole-seg-pause, og kjøttkaker i kantina. Vi kunne godt begynt eit kvarter seinare òg.

Kva er du redd for?

Eg er redd for plast og global oppvarming. Plasten er rundt oss heile tida, og den er så ekstremt øydeleggande. Spesielt mikroplast, som hamnar i fiskane, og så i oss. Det er ein vond sirkel.

Kva person har betydd mest for deg opp gjennom livet?

Det må vere familien min, og spesielt brørne mine. Dei har alltid pusha meg til å bli eit godt og sjølvstendig menneske.

Kva er det siste mobilbildet du tok?

Vi var i Fjærland med geografiklassen. Så vi var på ekskursjon på bremuseet og såg Bøyabreen. Eg måtte berre ta dette bildet av Mathea ved isbjørnen.

 

Når laug du sist?

Då historielæraren min spurte meg om det gjekk bra med fagartikkelen eg skriv, og eg svarte sjølvsagt ja. Men det var ikkje heilt sant då.

Kva var den siste songen du høyrde på?

Highasakite – Out of Order.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

Eg angrar ikkje på så mykje, men det finst ting eg ville gjort på nytt. Eg kunne godt tenkt meg å reise på språkreise ein gong til for eksempel.

Kva var det siste du googla?

Kjøsnesfjorden, ettersom vi køyrde forbi den på ekskursjonen. Der er det ein port inn i fjellet som såg veldig spennande ut, så eg prøvde å finne ut av kva det var.

Kva er din store draum?

Min store draum er å skape noko eige. Eg har veldig lyst å starte mi eiga bedrift og tene pengar på den måten. Eg kunne godt tenke meg å starte ei slags friluftsbedrift og lære folk om friluftsliv. Sånn korleis ein skal tenne eit bål, klare seg i naturen, og slike ting. Gjerne i samband med omsyn til miljøet.

Kva for kjendis kunne du tenkt deg å gått på date med?

Bjarte Tjøstheim frå Presten. Han er så fantastisk morosam. Eg elskar den kleine humoren i presten, har sikkert sett sesong 1 fem gongar. Han tar det liksom til eit nytt nivå.

Kommentarer til denne saken