Bing kan løyse rubikskube på under eitt minutt

Bing Zeng (18) frå Florø skal studere i Bergen til hausten, men slit med å velje linje.
Publisert

Kva var den siste songen du høyrde på? (Spotify/iTunes/Tidal)

Eg høyrde på musikk i fritimen min no nettopp, den siste songen var Two High av Moon Taxi.

Kva er ditt skjulte talent?

Mitt skjulte talent er at eg kan løyse ein rubikskube på under eitt minutt.

Kva ville du kjøpt viss du vart Lotto-millionær?

Då ville eg først og fremst kjøpt ei leilegheit til meg og venninnene mine, vi skal studere saman i Bergen til hausten av. Så har eg alltid drøymt om å reise til Roma, det ser så utruleg fint ut. Foreldra mine er frå Kina så ein tur dit måtte eg nesten tatt, det er så lenge sidan sist. Resten ville eg nok spart.

Kven er din favoritt norske reality-kjendis?

Det må bli Marna Haugen, komikerfruen. Ho er så morosam, og litt annleis i forhold til dei andre norske bloggarane med uttrykte «perfekte liv».

Kva er det siste mobilbildet du tok?

Det var eit skjermbilde av det eg har tenkt å gi i bursdagsgåve til nevøen min.

Kva er forholdet ditt til mobilen din/sosiale medium?

For det meste er det Snapchat det går i, fordi det er lettvint og så er jo heile vennegjengen innpå der. Mobilen blir mykje brukt i løpet av dagen, og eg sjekkar den stort sett kvar gang når eg får ein varsel, når eg kjedar meg, og når eg ikkje har tilgang til Mac.

Siste du googla?

Det siste eg googla er filmen vi skulle sjå i norsk «Den brysomme mannen», eg var så nysgjerrig på kva den handla om.

Viss du kunne vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

Som rektor ville eg fiksa mindre skulearbeid i mai, slik at russen kunne levd månaden fult ut. Eg hadde også fått tak i større utval i kantina og litt meir variert mat.

Kva er du redd for?

Eg har skikkeleg høgdeskrekk, og hatar når eg skal sjå film og dei filmar utfor høge kantar. Tanken på å kunne falle frå ei stor høgd er forferdeleg skremmande.

Kva er den siste SMS du fekk?

Siste SMS var planlegging av rådgivartime for vidare studiar. Eg slit med å velje, men likar meg i Bergen og har planar om å flytte inn med to venninner så blir nok noko i byen der.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken