FRAMTIDIG SPIDERMAN?: Elin Barstad kjem frå Davik i Gloppen, men går for tida på Firda vidaregåande skule på Sandane.
Rakel Hamre

Elin drøymer om å bli «Spiderman» eller popstjerne

Men det Elin Barstad (17) frå Davik er aller mest redd for, er å synge feil på scena.
Publisert

Viss du kunne vore rektor for skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

Ååå! Eg ville ha installert hjul på stolane på klasserommet vårt. Fordi då kan dei rulle.

Kva er du redd for?

Eg er livredd for å synge feil på scena. Det var litt teit, ja ja.

Kven er forbildet ditt?

Mamma! Fordi ho er det mest fantastiske mennesket i heile verda.

Kva er det siste mobilbildet du tok?

Ein skjermdump av ein video av meg sjølv.

Når laug du sist?

Sannsynlegvis i går.

 

Kva var den siste songen du høyrde?

«Stille vann» av Siri Nilsen.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis, kva ville det vore?

Det tenkte eg faktisk på for nokon dagar sidan! Men no har eg gløymt det. Hmm, eg ville ikkje ha klipt bollesveis i 2. klasse.

Kva var det siste du googla?

Kart over Sogn og Fjordane. Eg skulle bevise at Davik låg lengre vest enn Sandane.

Kva er din store draum?

Å bli spiderman. Eller popstjerne.

Kva for kjendis kunne du tenkt deg å gå på date med?

Det var eit vanskeleg spørsmål, det er så mange! Isaiah Firebrace, fordi han er sjukt flink til å synge. Og så ser han ikkje så galen ut heller.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken