Bartek Tokarsz (16) frå Sande går i 1.klasse på Hafstad vidaregåande skule.
Privat.

Bartek (16) har Gandhi som forbilde og angrar på at han ikkje kjøpte bitcoin

Publisert

TI KJAPPE: Bartek Tokarsz (16) frå Sande ser opp til Mahatma Gandhi.

– Eg trur han er eit stort forbilde for oss alle. Viss alle hadde vore som Gandhi, hadde det umogleg vore krig på jorda.

Viss du kunne vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

Eg ville først og fremst gitt alle ein fridag. Så ville eg ha sletta merknadane til alle elevane på skulen.

Kva er du redd for?

Slangar er ganske ekle.

Kven er forbildet ditt?

Eg føler det er no eg skal svare ein av foreldra mine, men det er litt for standard. Så eg seier heller Gandhi. Eg trur han er eit stort forbilde for oss alle. Viss alle hadde vore som Gandhi, hadde det umogleg vore krig på jorda.

Kva er det siste mobilbildet du tok?

Når laug du sist?

Eg sa til mora mi at eg tok med meg mat på skulen, men eigentleg kjøpte eg mat i kantina. Eg er ganske dårleg til å pakke med meg mat, så det går gjerne nokon hundrelappar i kantina i veka.

Kva var den siste songen du høyrde på?

Det blir Lovesick av Mura Masa. Den kom tilfeldig på då eg hadde spelelista mi på shuffle. Den er ganske bra, men ikkje den beste songen eg veit.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

Då ville eg dratt tilbake i tid til då bitcoins var verdt lite, og kjøpt mykje. Då hadde eg sikkert vore millionær i dag, tenk det.

Kva var det siste du googla?

Kjedeleg nok: «bussruter førde til sande». Kollektivtilbodet her i fylket er langt frå perfekt.

Kva er din store draum?

Min største draum og ønske er å sjå tilbake på livet mitt når eg er gammal og ikkje angre på at eg ikkje tok ein sjanse. Eg vil tenke tilbake på det og tenke «Wow, det var bra».

Kva for kjendis kunne du tenkt deg å gått på date med?

Eg likar musikken til Snoop Dogg. Eg trur det hadde vore ein veldig interessant date, eigentleg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken