Anton (15) lurer på kva som er meininga med livet

Anton Behme (15) frå Brandsøy er bekymra for framtida. – Eg har så mange moglegheiter, og eg veit ikkje kva som er rett for meg, seier han.
Publisert

Korleis går det, generelt altså?

Oj, det var no eit vanskeleg spørsmål. Viss at eg må gi eit svar, må eg seie at livet mitt går greitt ... Eg får berre nyte det no som skulen nesten er ferdig.

Kva gir deg motivasjon for dagen?

Eg manglar eit mål i livet. Men eg er fornøgd med å ikkje ha eit bestemt mål no i min alder. Det gjer til at mitt mål i livet kan utvikle seg etter tid.

Korleis ser du for deg framtida?

Framtida er noko som eg er veldig usikker på. Om vala mine til vidaregåande skule har vore gode, og så vidare. For no ser eg for meg eit rot.

Kva er det som gjer deg bekymra?

Vala mine så klart! Eg har sååå mange moglegheiter, og eg veit ikkje kva som er rett for meg.

Kva er dine hobbyar?

Teikning, eigentleg. Og eg er veldig interessert i anatomi og menneskekroppen, så det blir mange teikningar av det.

Kven er ditt forbilde?

For meg som teiknar er artisten Frank Franzetta eit stort forbilde. Men for å halde meg på eit nasjonalt nivå, må eg seie skodespelaren Atle Antonsen.

Kva ser du fram til å gjere i sommar?

Å reise til heimlandet mitt, Tyskland, for å besøke slekt og venner, og sjå på staden eg budde dei første åra mine.

Kvifor er du kledd slik i dag?

Eg går med same jakke og nesten same klede under kvar dag. Eg meiner at dette passar min stil og representerer verdiar som eg likar. Og eg gjer det for å behalde min identitet.

Kva hadde du gjort med 10 millionar kroner?

Eg hadde brukt det over tid og sikra at framtida mi ikkje kjem til å ha mangel på økonomi.

Ti kjappe med Firda Ung:

– Mitt største forbilde er Kjerstin Boge Solaas

Frida (15) gruar seg til froskesesongen begynner 

Jeffrey (18) elskar å irritere folk

Taline (18) vil kjøpe hytte til foreldra

Gymlæraren er ikkje fornøgd med Malin (17) sin kondis

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken