I tre år har elevane brukt iPad i undervisninga

POSITIV: Anette Vågene (framme) synest iPad er betre enn skulesekk full avbøker. Henrik Bloch Helmers til venstre og Ina Martine Brendø (bak).

POSITIV: Anette Vågene (framme) synest iPad er betre enn skulesekk full avbøker. Henrik Bloch Helmers til venstre og Ina Martine Brendø (bak). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Flora ungdomskule er ikkje som alle andre skular. Dei brukar ikkje blyant og bok i kvar skuletime, men iPad som dei får frå skulen.

DEL

Klasse 10B ved Flora ungdomsskule har matte, men i staden for å ta fram skrivebøker tar elevane opp ein iPad som dei har fått frå skulen.

– Eg trur eg pratar for fleire når eg seier at iPad er ganske greitt å ha. Vi slepp å gå rundt med fulle sekkar til skulen kvar dag ettersom vi har mykje av tinga inne på iPaden. Eg er blitt ganske glad i iPaden: den er handy og for meg er berre det ein motivasjon, seier Anette Vågene (15).

Får kvar sin iPad

Mannen som har ansvar for dette tiltaket er kunstlærar og it-ansvarleg Leiv Arne Øien.

– Dette var ein ide i samarbeid med rektor. Tidlegare har vi gitt ut små berbare pc-ar til elevane, som var ganske vanskeleg å halde styr på, men når iPad-teknologien vart betre var det tid for eit skifte, og med støtte frå kommunen vart det tatt i bruk. Kvar elev får no kvar sin iPad, som dei tek med kvar dag til skulen, som inneheld fleire fagappar, seier Øien.

TEKNOLOGI: Alle elevane på Flora ungdomsskule eigen iPad. Den inneheld fleire fagappar, fortel IT-ansvarleg Leiv Arne Øien.

TEKNOLOGI: Alle elevane på Flora ungdomsskule eigen iPad. Den inneheld fleire fagappar, fortel IT-ansvarleg Leiv Arne Øien. Foto:

Skulen er fornøgd med korleis teknologisatsinga har påverka skulen, og jobbar heile tida med å oppdatere systemet. Fleire kommunar i landet som har same satsinga som Florø, men ikkje Førde. 

– Førde ungdomsskule har ikkje eit så stort fokus på digitale verktøy som Florø. Skulen har i fleire år hatt eit forbetringspotensial innan IT, men for augneblikket er det ikkje aktuelt å gå fullt ut med digitale verktøy. Vi er ganske fornøgde slik det er no, bortsett frå pc-ane som skal skiftast ut på nyåret, seier rektor Hallgeir Hamre.

– Blir mindre fokuserte

For Florø-elevane er det ikkje berre positive sider ved bruk av iPad som læreverktøy.

– iPad er ikkje alltid det beste å skrive på, og så er det eit problem med at fleire brukar skuletimane til å sjå på Netflix eller spele spel. Læraren veit jo aldri om vi jobbar med fag eller spelar når vi sit bak skjermen, seier Vågene.

Dei elevane som ikkje er opplærte i touchmetoden får tastatur. iPaden skal ikkje vere ein reiskap ein kan gjere kva ein vil på, og for å hindre at det skjer har Øien kontroll på kva elevane brukar den til.

– Med nye appar og kontrollvare har eg tilgang til ei oversikt der eg kan sjå om elevane jobbar eller spelar. Eg og lærarane kan ved eit trykk kontrollere iPadane, seier Øien.

Artikkeltags