Hjørdis Kristina Kure, Sogndal. Elev på Mo og Øyrane vidaregåande skule.
Hilde Gunn BråStad

Hjørdis Kristina er svært gløymsk: – Ofte gløymer eg kva som er venstre og høgre

Publisert

Sjølv om ho ofte gløymer det ho skal seie midt i ei setning, er sogndalsjenta Hjørdis Kristina Kure (16) veldig glad i å diskutere.

Korleis har du det?

Eg har eg eigentleg ganske fint, trass det travle skulearbeidet. Eg eg ser veldig fram til haustferien, for då skal eg til England.

Kva ville du gjort viss du vann 10 millionar i Lotto?

Då ville eg brukt pengane på kebab og popkorn, fordi det er noko av det beste eg veit. Eg ville også ha gitt ein god del av pengane til mamma, pappa og besta. Resten hadde eg sett inn på sparekonto.

Når var du sist redd?

Det var for nokre dagar sidan. då var det ein langbein som flaug inne på rommet mitt. Eg turte ikkje å ta den vekk sjølv, så eg måtte få nokon andre til å gjere det.

Kva er du opptatt av?

Politikk. Eg er ungdomspolitikar og leiar i indre Sunnfjord SU, og sit i SU sitt fylkesstyre. Eg synest det er kjekt å engasjere andre og å kunne vere med å påverke samfunnet.

Når laug du sist?

For nokre veke sidan då eg sa at eg skulle på joggetur, men det skjedde ikkje. I staden gjekk eg på handletur på bruktbutikken.

Kven er ditt forbilde?

Mamma. Ho er ein person eg ser veldig opp til fordi ho er veldig ansvarsfull, koseleg og jobbar hardt for å nå dei måla ho har sett seg.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

Då ville eg ha fokusert meir på skule og vore meir økonomisk - droppa småkjøp av duppedittar eg eigentleg ikkje treng.

Kva er noko ingen andre veit om deg?

Eg har svært dårleg hukommelse. Ofte gløymer eg det eg skal seie midt i setninga. Eg gløymer også ofte kva som er venstre og høgre.

Kva er din beste og verste eigenskap?

Mi beste eigenskap er at eg er flink til å diskutere. Eg kjem fort opp med argument. Min verste eigenskap er at eg irriterar meg lett over små ting til dømes høge matlydar spesielt når folk tygg tyggis i eit stille rom.

Kva er den siste meldinga du har sendt?

Eg hadde klart å gå inn på Messenger utan å vite om det, og tatt eit veldig stygt bilde av meg sjølv. Idet eg skulle til å slette det, klarte eg ved eit uhell å sende det til ein venn.

Les fleire 10-kjappe:

Artikkeltags