Har du fått innkalling til sesjon? Benedicte (19) valde Luftforsvaret og har ikkje sett seg tilbake

TRIVST: Benedicte Førde Mosesen (19) frå Skei er i desse dagar i førstegongsteneste i Luftforsvaret.

TRIVST: Benedicte Førde Mosesen (19) frå Skei er i desse dagar i førstegongsteneste i Luftforsvaret. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

UNG: Benedicte Førde Mosesen (19) er i førstegongsteneste i Luftforsvaret og anbefaler andre å gjere det same.

DEL

På ungdomsskulen fekk vi besøk av ein frå Forsvaret som snakka om det. Allereie då visste eg at dette var aktuelt for meg etter vidaregåande, seier Benedicte Førde Mosesen frå Skei.

Ho er snart er ferdig med rekruttskulen på Madlaleiren i Stavanger. Når ho er ferdig der er planen å søke seg inn på politihøgskulen.

Kvar 17-åring får i dag innkalling til sesjon. I brevet ein får er ein pliktig til å fylle ut eit spørjeskjema på nett der ein mellom anna blir spurt om helse, skule og motivasjon.

Slik fungerer sesjon

– På sesjon del 1 kan ein skrive ønske om kva slags teneste du vil inn i, for eksempel Luftforsvaret. Forsvaret vel så ut dei aktuelle frå sesjon del 1, og desse får innkalling til sesjon del 2. Sesjon del 2 består av ei praktisk- og teoretisk prøve, samt ein samtale. Ein må også gjennom ein fysisk test, synstest og høyrselstest. Nokon får oppfylt ønsket sitt, medan andre blir tildelt eit anna felt, fortel Mosesen.

Etter to veker kjem svaret om du er tatt opp til førstegongsteneste. For å lukkast i Forsvaret må du vere initiativrik og med fordel ha konkurranseinstinkt, meiner Mosesen.

Å ha disiplin og å vere litt trent er også ein fordel, men det er ikkje nødvendig å trene hardt kvar dag i eit år, seier Mosesen.

Må stå opp i 05-tida

Ein vanleg dag i førstegongstenesta begynne mellom 05:30-06:00 med «revelje», der heile luftseksjonen skal ut å stille opp. Deretter er det frukost, før ein dreg tilbake på romma og vaskar.

– Etter det varierer det veldig, men i løpet av ein dag har ein gjerne både teori og litt praksis. Ein kan for eksempel lære diverse ting om eit våpen, for så å gå ut og prøve det i praksis, seier Mosesen.

Kveldane går med til å rydde eller å øve til prøve.

Du har alltid eit eller anna å finne på når du er i Forsvaret, så det blir lita tid til å kjede seg.

– Total likestilling

– Korleis er det å vere jente i Forsvaret?

Det er total likestilling mellom jente og gut. Ein klarar dei same tinga, og av og til viser det seg at det er nokre ting jentene er flinkare på. Det er veldig bra, for det bidreg til å gjere miljøet så bra som det er, svarar ho.

– Vil du anbefale andre å søke seg inn i Forsvaret?

– Ja. Det er absolutt ei fantastisk erfaring å ta med seg vidare. Ein lærer veldig mykje i Forsvaret, og ein får ny vener og mange moglegheiter for vidare utdanning, seier Mosesen som vurderer å søke politihøgskulen.

Artikkeltags