Mange unge har ein travel kvardag. Peter Hollevik er ein av dei som kanskje får tid til mest i løpet av ei veke. Vi tok ein prat med 16-åringen frå Florø.

Allereie i 8. klasse begynte Peter i Ungdommens bystyre. Han fekk sin første jobb som 12-åring: han sorterte poteter. Og Peter likar å jobbe. I ein alder av 16 år har han vore Unge Høgre-leiar i fylket, vore MOT-ambassadør på skulen og elevrådsleiar i 10. klasse. No går han i førsteklasse på studiespesialiserande på Flora vgs. og jobbar på G-Sport ved sida av skulen. Spørsmålet er korleis han får tid til alt?

– Eg har ein veldig hektisk kvardag. Etter skulen må eg få gjort lekser. Og i den siste fritida eg har der snik eg gjerne inn å vere med venner, eller jobb.

Skulen er nummer ein

Han er også veldig glad i å trene, og prøver å spele tennis så ofte som han kan. Kvar ledige stund fyller han opp.

– Eit anna mål eg har er å lese ei bok annakvar veke, dette hjelper til for å slappe av.

Skule er likevel det viktigaste.

Eit anna mål eg har er å lese ei bok annakvar veke, dette hjelper til for å slappe av.

Peter Grinde Hollevik

 

– Eg har alltid tid til lekser og skule. Det er nummer éin på prioritetslista, spesielt fordi eg har lyst å komme inn på skule i utlandet og gode universitet seinare.

– Gjer ditt beste. Alltid.

Peter fortel at det å gjere noko produktivt på fritida er givande og lærerikt, samtidig som det skaper relasjonar og kontaktar som han vil bruke i framtida. Det mest krevjande er å leve opp til forventingane dei vaksne har til ungdom i dag, og å skape balanse mellom jobb, skule, trening og venner.

– Mitt tips til andre ungdommar er å alltid jobbe hardt og prestere det beste ein har ork til. Alltid. Ikkje få som vane å ligge på latsida, det lønner seg aldri i lengda. Skal ein oppnå noko i ein konkurransefylt kvardag, må ein kunne prestere 110 prosent på skulen, jobb, samfunn og vener, seier Peter.

Han har engasjert seg i Unge Høgre. Då han blei med i partiet, blei han også meir opptatt av media.

– Eg synest det er viktig at unge bidreg politisk tidleg. Då kan ein vere med å forme byen. Og det er viktig, for vi unge er jo byen si framtid.

Les også: 23 tips til førstisar

Trass sitt unge engasjement vil ikkje Peter nødvendigvis bli politikar eller drive med politikk når han blir vaksen. Han veit enno ikkje kva han vil bli.

– Eg vil i alle fall studere i utlandet og lære eit nytt språk.

Det håpar han å få til allereie neste år.

– Eg trur det er det kjekkaste eg har i kikkerten foreløpig.

Les også: Massoma om fråværsgrensa: Ikkje tru at noko er for dumt til å vere sant