Det har 8. klasse i ved Flora ungdomsskule klart.

Laurdag sette dei i stand kafé for dei eldre og pårørande på Furuhaugane omsorgssenter, for å tene pengar til ein svært ønskt Polen-tur i 10. klasse. 

– Det har vore utruleg kjekt, og inntrykket mitt er at bebuarane ville sagt det same, seier Kirsten Bortne (13).

Reglane er at dersom klassane no skal reise på klassetur, må dei samle alt gjennom forskjellig dugnadsarbeid. Ein har ikkje lenger lov å pålegge foreldre å betale ein viss sum, dette fordi skulen skal vere gratis.

Det tvingar elevane til å bidra meir sjølv viss dei ser føre seg å reise på tur i skuletida.

– Dei nye reglane er greie, for det er jo ikkje alle som har råd til å betale store summar for å reise på klassetur, seier Bortne.

Meir kjekt enn jobb

Mellom anna heimebaka bollar, kremkaker og ferske sveler stod på menyen. Det var til stor glede for store og små.

– Kva har vore det beste med dagen?

– Det kjekkaste var å sjå reaksjonen til dei eldre, og så fekk vi god tid til å sette oss ned og snakke med mange av dei. Eg trur dei synest at det var greitt å få selskap av nokon andre enn berre dei aller næraste og kjente.

– Var det mykje jobb?

– For vår eigen del var det meir moro enn jobb, men det var nok litt fordi foreldra stod for det meste av baksten og klargjeringa, seier Bortne.

– Akkurat slike kaker eg likar

Målet med dagen var å glede dei eldre, samstundes som dei fekk inn pengar til klassetur. Ifølge Magnhild Karstensen bestod ungdommane med glans.

 

– Eg var sjølv med på slike ting då eg var yngre, og det er veldig fint å sjå at ungdommen i dag gjer det same, seier Magnhild Karstensen.

– Korleis synest du at ungdommen klarte seg?

– Dei var veldig flinke, eg var eigentleg ganske mett då kafeen starta. Men dei serverte jo akkurat slike kaker som eg likar så godt, så då måtte eg jo berre ete litt meir.

I løpet av dagen fekk dei inn 1800 kroner til klasseturen. Kirsten Bortne vil gjerne arrangere kafé for eldre fleire gonger. Dei andre nikkar.

– Men neste gong blir det nok ein søndags ettermiddag i staden for laurdag og rett etter frukosten.

8.-klassingane sel også kjeks og samlar inn flasker til inntekt for klassetur.