Oslo 20140524. Russelue med trofeer til å henge i dusken. Merker. Her er det samlet ca 30 trofeer, mye 'hard' og morsom 'jobbing' ligger bak. Blant trofeene er et bilde av kongefamilien, oppnådd fordi man har 'kjørt' et akebrett ned Slottstrappen. Men også liten innsamlingsbøsse for kreftsaken: At russen samlet inn penger til 'Krafttak mot kreft'.
Oslo-russen 's  knuter, knuteregler. Avslutning på 12 års skolegang. Russeluer.
FOTO:  Berit Keilen / NTB scanpix 

OK lue
Keilen, Berit

Hugseliste til avgangselevar

3.-klassing, Matilde Ullaland Kvammen, har ramsa opp 16 ting du må hugse på som avgangselev.
Publisert

Kjensla av kjennskap kjem ikkje til å vare mykje lenger, nyt den mens du enda kan.

~

Ha det så gøy som du klarar, utan å bryte reglar.

~

Reis ut, ver med venner, sjå ein kamp. Netflix går ingen stad.

~

Sei hei til folk. Mest sannsynleg ser du dei ikkje igjen etter du er ferdig på vgs.

~

Nyt dei vennskapa som er basert på «Kan du sende svara på leksa?» Dei har ein utløpsdato.

~

Gjer noko stor ut av bursdagen til vennene dine. Det kan vere siste gongen de alle er samla.

~

Du må ikkje angre på noko. No pain, no gain.

~

Ta bilde, film spesielle augeblikk. Dette vil du sette stor pris på seinare i livet.

~

Reis på eventyr med venene dine. Nokon av dei vil ikkje vere der for alltid.

~

Sett på favorittsongen din, og «cruise» rundt i sentrum med vennane dine med musikken på full guffe.

~

Ta eit «High School Musical-hopp» om du kjenner deg verkeleg eventyrlysten.

~

Ikkje ver redd for å miste alle vennane dine. Dei du vil halde kontakten med, klarer du å halde kontakten med.

~

Det kjennest ut som om alt er for siste gong. Gjer det om til ein positiv ting.

~

Ikkje kast vekk energien din på å vere negativ.

~

LES TIL EKSAMEN!

~

Nyt den siste tida på skulen. Ein dag kjem du til å sakne den.

Les også: – Vi er berre vandreruss, og stolte av det!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken