Lunsjen er akkurat som på film

MILLERS: Her er Birte på baseballkamp med Renee Miller og Tony Miller, som er ein del av vertsfamilien hennar. Ho trivst svært godt med dei.

MILLERS: Her er Birte på baseballkamp med Renee Miller og Tony Miller, som er ein del av vertsfamilien hennar. Ho trivst svært godt med dei. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

USA: Birte Kamille (17) bytta ut Førde med Minnesota for eit år. – Det er som om det er måndag kvar dag, seier ho.

DEL

Birte Kamille Øen (17) frå Førde er på utvekslingsår i Minnesota i USA. Ho synest at matematikken er vanskelegare på engelsk enn norsk.

Stadig fleire elevar reiser på utveksling. Les også: Rekordmange gjer som Solveig og Katrin

Då Birthe kom til USA, stod den nye familien hennar klare med skilt og ballongar. På skulen var ikkje velkomsten like stor, men ho fann seg til rette.

– Første dagen var eg ganske usikker på alt, så eg heldt meg for meg sjølv. No har eg ei god gruppe med venner, og blir stadig introdusert til deira vennar. Eg blei teken godt i mot.

Ho reiser med organisasjonen Rotary. Via den vart ho plassert hos ein vertsfamilie.

– I starten var eg litt sjenert og usikker, men det tok ikkje lang tid før eg kjente meg som eit familiemedlem. Faren i familien har sjølv vore på utveksling, så han veit korleis eg hadde det. Eg kunne ikkje ønska meg ein betre familie.

Måndag heile året

Medan skulekvardagen går vidare her heime, må Birte tilpasse seg eit heilt nytt system.

– Det er mange forskjellar. Alle faga du tar, har du undervisning i kvar dag. Det er som om det er måndag heile året. Lærarane har sine eigne klasserom. Du får 5 minutt på å byte klasserom. Vi har ikkje friminutt eller studietime.

– Lunsjen er slik som i filmane. Det er ei stor kantine med mange bord, og du har som regel eit fast eit. Du kan få litt av kvart til lunsj, men det er ikkje den beste kvaliteten.

Tilknytinga til skulen er noko heilt anna over Atlanterhavet.

– Skuleanda er stor og du får ei heilt spesiell tilknyting til skulen du går på. Her representerer du skulen din meir. Til dømes ved at du går på fotballkampane i skulen sine fargar.

KLASSEROMMET: Slik ser det ut i eit amerikansk klasserom.

KLASSEROMMET: Slik ser det ut i eit amerikansk klasserom. Foto:

Sjølv om det har blitt mykje omsetting frå eit språk til eit anna, har ikkje engelsken stoppa ho. Lærarane er greie og spør om ho forstår.

– At undervisninga skjer på engelsk er ikkje eit så stort problem, for det meste. Det er vanskelegare for meg å forstå matematikken på engelsk. Det er litt morosamt, sidan det er det einaste faget som er likt i alle land. I framandspråk må eg omsette frå spansk til engelsk, og så engelsk til norsk. Det er litt tungt.

Stor moglegheit

Birte har alltid hatt lyst å reise til USA. Då ho fekk moglegheita, var ho snar med å ta den.

– Eg ville utfordre meg sjølv. Andre året på vidaregåande er ikkje så kjekt. Derfor verka eit utvekslingsåret som ei moglegheit til å oppleve noko som mange andre ikkje får. Det var ikkje så dyrt heller. Med Rotary kosta det rundt 45.000 kroner, utanom lommepengar.

– Det har vore kjempekjekt så langt. Eg har fått gjort mykje spennande og sett mykje rare ting. No til helga skal vi til Disneyland i Orlando. Organisasjonen eg reiser med samlar alle utvekslingselevane i område til ein kjekk kveld i lag, det ser eg fram til.

Artikkeltags