– Vi er berre vandreruss, og stolte av det!

HAR IKKJE RUSSEBIL: Russen i Høyanger har ikkje russebilar. Dei er vandreruss.

HAR IKKJE RUSSEBIL: Russen i Høyanger har ikkje russebilar. Dei er vandreruss. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

HØYANGER: Russen på Høyanger vidaregåande skule er litt annleis enn andre. Dei har ikkje russebil - dei går.

DEL

– Enkelte tar russetida altfor seriøst. Det skal vere ei tid der ein feirar og har det kjekt i lag. No for tida verkar det som at nesten alt handlar om pengar, status og å lage dei mest krenkande russesongane, seier Talia Melleby (19) og Hanna Rørtveit (18) som begge er raudruss i år.

Sjølv om russetida i Høyanger sjølvsagt byr på festing og russeknutar meiner jentene at ein ikkje treng å bruke masse pengar for å ha ei kjekk russefeiring. Dei har ikkje russebil eller van, som mange har på større stader.

– Vi er berre vandreruss, og stolte av det! seier jentene.

Les også: Hugseliste til avgangselevar

Politiet og arrangørane er samde - det blir russetreff på Breim og i Naustdal 

Samhald er viktig

Jentene fortel at presset om økonomi ikkje er gjeldande i Høyanger.

– På større stader er ein på ein måte avhengig av å ha økonomi for å bli inkludert. På ein liten stad som Høyanger opplever vi ikkje dette presset i så stor grad. Slik skil vi nok oss ut frå andre litt større miljø, seier Melleby.

RUSSEAVIS: Ein av tradisjonane til Høyanger-russen er å lage russeavis. Talia og Hanna har fått ansvaret for den.

RUSSEAVIS: Ein av tradisjonane til Høyanger-russen er å lage russeavis. Talia og Hanna har fått ansvaret for den. Foto:

Raudrussen i Høyanger består av 21 elevar, 5 gutar og 16 jenter.

– Kva er fordelane med å vere ein så stor gjeng i same gruppe?

– Då slepp ein å vere redd for å bli utestengd. Alle vert inkludert, seier Melleby.

– Kva er utfordringane?

– Det kan vere at det dannar seg små gjengar eller grupper. Alle er jo forskjellige, så alle går kanskje ikkje like godt saman. Men vi får det til å fungere, og har eit godt samhald likevel, seier ho.

Eiga russeavis

Det jentene ser mest fram til er å sleppe bryet med å finne ein passande outfit kvar dag.

– I staden er det berre å dra på seg russedressen. Det blir òg veldig stas å dele ut russekort, seier Talia.

Ein av tradisjonane til Høyanger-russen er å lage russeavis. Talia og Hanna har fått ansvaret for den.

– I russeavisa presenterer vi oss sjølve og lærarane våre. Vi har reist på kaffibesøk hos dei og intervjua dei. Det var kjekt! I avisa har vi òg skrive litt om klasseturen vår til London tidlegare i år, fortel Rørtveit.

Russen har allereie gjort nokre gode russeknutar, som å samle inn pengar til kreftforeininga. Dei støttar også diverse andre gode formål og kampanjar, som blant anna «nei er nei»-kampanjen til Amnesty og SMISO.

– Vi skal også arrangere russedåp der kontaktlæraren har fått i oppgåve å vere døypar. I tillegg har vi designa genser med logoen vår på. Elles skal vi sjølvsagt feste og ha det kjekt! seier Talia.

Inspirert av læraren sin

I logoen har dei bilde av ein syklist. Det skal førestille kontaktlæraren deira, Erlend Skreien, som også er inspirasjonen bak russenamnet deira.

– Fordi han heiter Skreien til etternamn er det ein fisk i bakgrunnen. Opphavet til russenamnet er at han alltid et Fisherman's Friend i timane, i alle slags smakar og variantar. Og vi elevane er liksom fiskevennane, seier dei og ler.

– Trur de russetida kjem til å slå negativt ut på skulearbeidet?

– Det kan bli vanskeleg, ja. Det er jo no vi verkeleg må prestere. To dagar etter vi er komne heim frå landstreff er det tentamen. Eksamenstida kjem like etter, seier Talia.

– Vi skal jo feste og ha det kjekt, men samtidig må vi prestere på skulen. Det er vanskeleg å både vere helt om natta og om dagen, legg Hanna til.  

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken