Du har sett dei i amerikanske high-school filmar, der dei ristar på glitrande duskar, og tilsynelatande avslappa lar seg bli kasta høgt over bakken av lagkameratar.

Fredag vert det kamp mellom skulane Hafstad og Mo og Øyrane under arrangementet Rockne Bowl, tidlegare kjent som Arena Bowl. Arena Touchdown er ein norsk variant av amerikansk fotball utvikla i Førde.

Under «halvtime-showet» er det tradisjon at dei to konkurrerande laga stiller med eigne cheerleader-lag, som skal underhalde publikum med dans, akrobatikk og tautrekkingskonkurranse.

Manglar tilbod i Førde

Guro Olsen (18) er kaptein for Hafstad-laget.

– Det er gøy at vi samlar oss på fritida og øver. Det er eit stort arrangement som berre skjer ein gong i året, så då er det klart vi grip sjansen til å vere med, seier kapteinen.

For mange er det high-school filmar frå USA som introduserte dei til cheerleading.

– Eg trur filmar har hatt mykje å seie. Veldig mange av oss har vakse opp med dei og ønskt at vi også kunne begynne med cheerleading, seier Guro.

Til vanleg er det ikkje noko tilbod for cheerleading i Førde, noko ho trur det er fleire som kunne ønskt seg.

– Eg synest jo det ser gøy ut og har alltid hatt lyst til å prøve det. Eg kjenner ein del i Oslo som går på cheerleading og cheerdans, og eg veit det er fleire som har ønska seg eit liknande tilbod her. Så det er synd at det berre er ein gong i året.

I lag med folkehøgskulen

Mens Hafstad-laget består av jenter frå tredjeklassekullet, samarbeider Øyrane i år med danselinja ved Sunnfjord folkehøgskule på Solvang for å bli fleire på laget.

– Dei er veldig flinke å danse og veit kva dei gjer, så vi får mange gode innspel, seier Madlen Lehmann (18), som er kaptein for Øyrane-laget.

Begge kapteinane seier dei er spente og gleder seg til arrangementet.

– Vi er komme godt i gang og har fått til mykje av det vi ønskte å få til, så vi er veldig spente på dansane! Og så klart håpar vi på å vere betre enn fjorårets innslag. Og at vi slår Øyrane, seier Guro Olsen med eit smil.

Bildeserie

Cheerleading-trening