På nyttårsaftan sletta Olianne alle sosiale medium frå mobilen

KOM GODT UT AV DET: Olianne Øren (18) frå Eikefjord overlevde ein januar utan sosiale medium på mobilen.

KOM GODT UT AV DET: Olianne Øren (18) frå Eikefjord overlevde ein januar utan sosiale medium på mobilen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

UNG: – Det mest overraskande var all tida eg sparte! seier ho.

DEL

Olianne Øren (18) frå Eikefjord gjennomførte i januar sitt aller første nyttårsforsett. Ho heldt seg unna sosiale medium i ein månad. For å vere sikker på at ho ikkje lét seg freiste, sletta ho alle appane frå mobilen. Nesten alle, i alle fall.

– Eigentleg var tanken å slette alle appane frå mobilen, inkludert Netflix, Spotify og sosiale medium. Eg fant ganske raskt ut at eg måtte justere litt, ettersom det var vanskeleg å få kvardagen til å gå opp utan mobilen.

Trudde det skulle bli eit mareritt

Olianne fortel at all informasjon i dei ulike fritidsaktivitetane ho er med i kjem på Facebook. Dessutan kommuniserer ho meir på messenger enn med meldingar, så då bestemte ho seg for å bruke Facebook berre på PC-en. Den var mindre tilgjengeleg enn mobilen, men ho hadde framleis moglegheit til å kommunisere viss ho trengde det.

– Det var litt kjipt når venner klaga på at eg aldri deltok i diskusjonen i ein gruppe-melding, eller når eg gjekk glipp av eit morosamt bilde frå ein venninne. Det er eigentleg dei einaste gongane eg har synest at det var litt dumt å vere avlogga.

Olianne hadde aldri halde eit nyttårsforsett før. Ho trudde ein månad utan sosiale medium skulle bli eit mareritt, men seier sjølv at det har gått overraskande lett.

– Nokre ser på dette som den største utfordringa ein kan gje seg sjølv, men eg syns det gjekk veldig greitt. Det som var mest overraskande var all tida eg sparte! Tidlegare kunne eg bruke 20 minutt før eg stod opp på å svare på snappar eg hadde sovna frå, like dei siste bilda på Instagram, og oppdatere meg elles på kva som hadde skjedd mens eg sov. Eg merkar og at det var lettare å ta skikkeleg kontakt med folk og ha ein god samtale, heller enn å sende meiningslause selfiar fram og tilbake på Snapchat.

Mista kontakten med nokre

Men det var ikkje berre enkelt å logge av:

– Du får definitivt eit mindre nettverk. Nokre vener snakkar eg berre med på Snapchat, og dei mista eg kontakten med då eg logga av.

Olianne meiner likevel at det var klart større fordelar enn ulemper med nyttårsforsettet.

– Eg slapp å lade telefonen like ofte, og brukte langt mindre mobildata, og eg var ikkje like freista til å kople av i skuletimane. Sjølv om det til tider var litt hardt, trur eg det meste handlar om vanar.

Slått av varslingar for godt

Tidsramma var i utgangspunktet ein månad, frå og med 31. desember 2017 klokka 20:45, men for eikefjordingen er ikkje alt som før, sjølv om månaden er over.

– Eg syntest det var veldig herleg, og eg trur nok at eg kjem til å gjere det igjen. Eg er i alle fall veldig stolt over at eg gjennomførte! Eg merkar at eg brukar telefonen langt mindre no enn det eg gjorde før, og eg har slått av varsel på Instagram og Snapchat for godt. Eg merkar likevel at tida fort går bort til unødvendig skjermtitting, men no er eg iallfall bevisst på det.

–Trur du at ein kan leve eit tilfredsstillande liv i dagens samfunn utan alle dei digitale hjelpemidla vi har tilgjengeleg?

– Ja. Det er berre ei vanesak.

Artikkeltags