Martine (21) frå Dale får spelejobbar i fleng. Snart gir ho ut sin første låt

PÅ VEG OPP: Songtalentet Martine Håland frå Dale gir ut sin første eigne låt til hausten. Singelen har enno ikkje fått namn.

PÅ VEG OPP: Songtalentet Martine Håland frå Dale gir ut sin første eigne låt til hausten. Singelen har enno ikkje fått namn. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FJALER: Martine Håland (21) skriv best musikk i tunge periodar. Til hausten kjem hennar første singel under sitt nye artistnamn «MAIH».

DEL

– Musikken er ikkje berre ein hobby lenger, det er ein måte eg uttrykker meg på, ein måte eg bearbeider kjenslene mine på, fortel låtskrivar og vokalist Martine Håland.

Den unge vokalisten frå Dale har for alvor begynt å få spelejobbar. I juni spelte ho på Havyard sin 100-årsfeiring i Leirvik, og i vår har ho opptredd jamleg i Bergen.

Ho har nett signert med management og bookingselskapet Deft Artists i Bergen, og skal gje ut ein singel til hausten. Ho skiftar også artistnamn til MAIH.

Skriv best når ho har det verst

Når Håland lagar musikk, jobbar ho med både akkordar på piano og tekst på same tid. Kva type musikk som blir laga kjem an på kva som går for seg i hovudet hennar.

– Eg veit ikkje korleis eg skal definere musikken min, eg prøver ikkje å halde meg til ein sjanger eller på å lage noko spesielt. Musikken min er det som eg synest er kult, og det eg synest høyrest fint ut, og den er basert på mine kjensler og tankar.

Martine fortel at det som blir skrive, ofte kjem frå vonde ting.

– Om ein har det veldig bra ein periode, skriv i alle fall eg mykje mindre enn i tunge periodar. Akkurat kvifor det er slik veit eg ikkje, eg finn vel kanskje meir inspirasjon i ting som er sårbare, noko som fører til ein del litt sårbare songar og tekstar, forklarar Håland.

I AKSJON: Martine Håland under ein live-opptreden på Det Akademiske Kvarter i Bergen i april. Der har ho spelt fleire gongar i vår. Neste konsert blir 15. Juli i Bergen i høve Feriekolonien, ei slags sommar-utescene utanfor USF Verftet.

I AKSJON: Martine Håland under ein live-opptreden på Det Akademiske Kvarter i Bergen i april. Der har ho spelt fleire gongar i vår. Neste konsert blir 15. Juli i Bergen i høve Feriekolonien, ei slags sommar-utescene utanfor USF Verftet. Foto:

Slik som mange andre i musikkbransjen likar ikkje Martine å forklare kva tekstane eller musikken omhandlar i detalj.

– Eg vil at alle andre skal kunne relatere til musikken min, og at andre skal finne sine eigne tolkingar av songane mine. Fleire av tekstane går ut på det å vekse opp, eller kjensler rundt det, og den opplevinga er ulik for alle, seier Martine Håland.

Vaks opp i ein musikalsk familie

Som born var det alltid mykje musikk rundt ho, på far hennar si side spelte så godt som alle eit instrument. Martine fortel at ho føler at ho vart integrert i musikken heilt frå byrjinga av. Både far Trond-Ole Håland og bestefar Ole Johan Håland driv aktivt med musikk og speling rundt omkring.

– Det var pappa som fekk meg inn i musikken. Han melde meg på pianoundervisning då eg var åtte år gammal, songen begynte eg ikkje med før eg var komen på ungdomsskulen. Eg fann ut at eg kunne spele piano og synge på same tid, ler Martine.

Starta band

I fleire år opptredde Håland aleine på scena med song og piano, men slik er det ikkje no lenger. I 2016 etablerte Martine eit eige band der ho sjølv er vokalist og låtskrivar.

I bandet er dei fire stykk: Martine sjølv som vokal og låtskrivar, Peder Kolsung på tangentar, Thord Nordli på trommer, og Tor Aune Wright på bass og synth.

Martine fortel at ho er veldig forsiktig med å sette seg mål for musikken og framtida, og at frykta for å bli skuffa er stor.

– Eg har sjølvsagt lyst til å ta musikken så langt som eg kan, prøve mitt beste og sjå kor langt det går. Eg driv berre med dette fordi eg synest det er kjekt, difor ønskjer eg å halde på med det så lenge eg synest det er kjekt og så lenge det gir meg mykje glede, ler Martine.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken