Ungdommen om klimaendringar: – Vi kan ikkje leve på denne måten

FEM OM MILJØ: Øvst frå venstre: Maya Johansen, Mathias Ask, Jana Grosse, Nora Birkeland og Charlotte Jacobs.

FEM OM MILJØ: Øvst frå venstre: Maya Johansen, Mathias Ask, Jana Grosse, Nora Birkeland og Charlotte Jacobs. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KLIMA: Den nye generasjonen tar over ei jord med ekstremvêr og klimaendringar. Vi har snakka med fem ungdommar:

DEL


Matias Ask

– Trur du på menneskeskapte klimaendringar?

– Ja, det gjer eg. Det finst så mykje bevis og forskarar er omtrent heilt einige om at det skjer, så kvifor skal vi ikkje tru på det?

– Kva tenkjer du om at det er tidlegare generasjonar som har skapt klimaproblema, medan det er vår generasjon som får ansvaret for å rydde opp igjen?

– Eg synest eigentleg det er veldig uansvarleg av dei eldre generasjonane å berre dytte desse problema over på oss, sjølv om ikkje vi har bidrege til det. Måten dei før oss har levd på i så mange år, kjem ikkje til å fungere for oss i åra framover.

– Kva trur du må til for å stoppe global oppvarming?

– Då eg trur må til er at folk sine meiningar må verkeleg endrast, folk må skjønne at dette er noko vi må jobbe for. Vi kan ikkje leve på denne måten vi gjer i dag, utan at det vil få konsekvensar for framtida vår.

– Kva gjer du personleg for å vere meir miljøvennleg i kvardagen?

– Eg gjer kanskje ikkje nok, men eg prøver å gjere små ting som kanskje utgjer ein forskjell. Eg prøver å ikkje bruke plastsugerøyr, bruke færre plastposar, resirkulere og gjenbruke. Dette kan vere små ting, men dersom alle byrjar å gjere dette vert det fort til noko stort.
 

Maya Johnsen

– Trur du på menneskeskapte klimaendringar?

– Ja, det gjer eg!

– Kva tenkjer du om at det er tidlegare generasjonar som har skapt klimaproblema, medan det er vår generasjon som får ansvaret for å rydde opp igjen?

Eg synest det er veldig dumt. Dei før oss var ikkje klare over kva konsekvensane av det dei gjorde, men eg synest det burde blitt gjort meir då dei fekk vite om konsekvensane. No er det alle sitt ansvar å rydde opp i problema.

– Kva trur du må til for å stoppe global oppvarming?

– Vi må slutte å berre tenke på oss sjølve og kva som er mest effektivt for oss å gjere no. Vi må heller tenke på oss sjølv og jorda vår som ei felles arv, på kva som er best for jorda, og ikkje berre oss sjølve.

– Kva gjer du personleg for å vere meir miljøvennleg i kvardagen?

– Eg resirkulerer, passar på å ikkje bruke eingongsplast, og eg passar veldig på å ikkje kaste søppel ute i naturen.

Jana Grosse

– Trur du på menneskeskapte klimaendringar?

– Ja, det gjer eg. Eg trur at mykje av det vi skapar, skadar klimaet og miljøet.

– Kva tenkjer du om at det er tidlegare generasjonar som har skapt klimaproblema, medan det er vår generasjon som får ansvaret for å rydde opp igjen?

– Eg synest det er veldig dumt, fordi eg synest det burde bli rydda opp i med ein gong i staden for at alt no leggast på vår generasjon. Det burde ikkje skjedd noko frå byrjinga av.

– Kva trur du må til for å stoppe global oppvarming?

– Eg trur vi må bli betre på å gå og sykle i staden for å køyre bil over alt. Vi må bli flinkare med industrien og slikt, slik at det ikkje forureinar like mykje.

– Kva gjer du personleg for å vere meir miljøvennleg i kvardagen?

– Eg går til butikken, eg kastar ikkje plast i naturen. Dersom eg ser nokon som skal til å kaste noko i naturen så seier eg ifrå.

Nora Birkeland

– Trur du på menneskeskapte klimaendringar?

– Ja, det gjer eg.

– Kva tenkjer du om at det er tidlegare generasjonar som har skapt klimaproblema, medan det er vår generasjon som får ansvaret for å rydde opp igjen?

Eg synest det er veldig dårleg. Kvifor skal vi få skyld i at jorda har blitt slik den er, og så måtte rydde opp i den når vi ikkje har bidrege til at den har blitt sånn? Kvifor fiksa dei det ikkje sjølv?

– Kva trur du må til for å stoppe global oppvarming?

– Det er trur må til er å dusje kortare, ete kortreist mat, og køyre mindre bil.

– Kva gjer du personleg for å vere meir miljøvennleg i kvardagen?

– Eg dusjar kortare, prøver i alle fall. Eg prøver å ete kortreist mat, og eg går til ting eg skal på.

Charlotte Jacobs

– Trur du på menneskeskapte klimaendringar?

– Jaaa.

– Kva tenkjer du om at det er tidlegare generasjonar som har skapt klimaproblema, medan det er vår generasjon som får ansvaret for å rydde opp igjen?

Eg synest vi framleis skapar klimaendringar, så det er ikkje BERRE dei tidlegare generasjonane som har gjort det. Eg synest vi alle må jobbe meir for å få stoppa det.

– Kva trur du må til for å stoppe global oppvarming?

– For det første synest eg vi burde slutte å hente opp olje frå Nordsjøen. I staden burde vi bruke fornybar energi, og dermed nytte grønare energi. Eg synest og vi burde drive med mindre oppavling av dyr, ettersom dette også bidreg til forureining.

– Kva gjer du personleg for å vere meir miljøvennleg i kvardagen?

– Eg og familien min et opp ALLE restar av mat, slik at vi kastar så lite som mogleg. I tillegg går eg alltid ut i bilen for å hente pose når vi er på butikken, slik at vi ikkje skal måtte bruke plastposar heile tida.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken