Sofia (17) frå Gloppen si stemme er høyrd 1.5 millionar gongar. I sommar spelar ho på Malakoff

Artikkelen er over 2 år gammel

UNG: Sofia Hyttedalen (17) blei tilfeldig oppdaga då ho song på Malakoff Rockfestival. No har over ein million høyrt henne på Spotify, og ho er klar for sitt livs største konsert til sommaren.

DEL

– Eg held på å skrive kontrakt med eit plateselskap no, og då er planen å få gitt ut ein EP med fem låtar, kanskje til sommaren. Så får vi sjå om folk vil høyre på meg og kva som skjer vidare, seier Sofia Hyttedalen frå Gloppen.

Høyrer seg sjølv på P3

For to år sidan fekk Gloppen-jenta kontakt med plateselskapet Toothfairy. Familien hennar kjende «ein fyr frå Eid» som høyrde Sofia synge på ein konsert, og anbefalte henne til selskapet han jobba i.

Plateselskapet hadde ein artist som trengde tekst og melodi til ein ferdigprodusert låt. Etter å laga tekst og melodi fekk Hyttedalen synge på låten Loud av artisten Coucheron. Dette kickstarta karrieren for jenta frå Sandane.

– Låten Loud har blitt strøyma 1,5 millionar gongar, men det står ikkje mitt namn på Spotify. Derfor blei eg veldig overraska då eg høyrde namnet mitt i presentasjonen av låten på radioen, der den blei spelt kvar dag på P3 dei første månadane. Eg trur ikkje eg hadde så store forventningar om kva det skulle bli då eg vart med, eg blei berre med sidan det høyrdest kjekt ut. Framleis går låten på radioen innimellom, det er veldig gøy.

Malakoff blir det hittil største

Tidlegare har ho delteke som finalist i landsfestivalen i  UKM, fått tildelt draumestipend, vore med på musikal og andre mindre ting. Til sommaren skal ho opptre på rockefestivalen Malakoff.

– Dette blir det største eg har opptredd på hittil, så eg gler meg mykje. Eg tenkjer å framføre tre-fire av mine eigne låtar og kanskje ta med eit par artistar og dansarar til, slik at eg ikkje blir heilt åleine på scena. Det hadde vore kjekt, men eg får finne ut av det etter kvart.

Mykje i studio

I tida etter Loud-innspelinga har Hyttedalen vore mykje i Toothfairy-studioet i Sandvika i Oslo og jobba med ulike artistar.

– Kvar dag sit eg anten ved pianoet og klimprar litt eller så skriv eg litt tekst. Eg jobbar litt her og litt der, og har alltid mange prosjekt på gong. Ein kjenner sjølv kva song ein har mest tru på, så blir det ei fullverdig låt. Av dei songane som skal bli til EP har eg laga nokre sjølv og bedd om å få band til, medan andre har blitt til i studio når eg har kome utan nokon ting og vi lagar noko heilt frå scratch.

Sidan ho syng popmusikk på engelsk kan ho nå ut til den internasjonale marknaden i dag. Men om det skulle vise seg at ho ikkje kan leve av musikken, kjem ho uansett til å halde fram.

Ho kan sjå for seg ei artistkarriere om det er mogleg, men har også lyst til å ta ei utdanning, slik at ho får ein trygg jobb. I framtida ser ho derfor for seg å prøve seg som artist, studere eller begge delar.

Halde på med musikk heile livet

Heile livet har Sofia laga musikk. Ho fortel at ho i 4-års alderen sat ved pianoet og spelte to tonar til små setningar. Ho byrja på song i kulturskulen som born, og skreiv meir seriøst då ho var 10 år.

– Eg kjem frå ein musikarfamilie, der mamma spelar piano og pappa har eit ministudio i kjellaren. Heile livet har dei støtta og hjelpt meg mykje. Pappa er nesten manageren min, han hjelpte meg med å ta viktige telefonar, skrive mail og fikse kontraktar.

Sofia er veldig takksam for moglegheita ho har fått. Mange som jobbar hardt er flinke, men ikkje kjem seg fram utan kontaktar.

– Eg vil anbefale andre interesserte å gå via eit plateselskap. Dei vil hjelpe til med bilde og marknadsføring slik at det garantert blir kvalitet på det. I tillegg er det mange ting som er viktige med tanke på skaping og utvikling, og mange fagfelt ein skal innom. Hjå Brak kan ein berre ringe og få hjelp til platekontrakt og selskap. Dei hjelp deg med pengar, rettigheiter, advokat og andre ting. Den organisasjonen kan vere ein god start for mange.

Artikkeltags