Eg håpar ungen min byrjar i korps, og ikkje med fotball

KORPSMAMMA: Rakel Rose Øvretveit i Firda Ung håpar hennar born vil spele i korps. Bildet er henta frå 17. mai i Vadheim 2015.

KORPSMAMMA: Rakel Rose Øvretveit i Firda Ung håpar hennar born vil spele i korps. Bildet er henta frå 17. mai i Vadheim 2015. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarNår eg blir stor, vil eg bli korpsmamma. Eg skal halde ut øvinga det første året, sjølv når det let som ein døyande elefant ligg i rommet ved sida av. Eg skal stille opp på julebasar, loddsal, og 17. mai. Eg skal støtte barnet mitt uansett om det blir ein hobby eller ein karriere. Eg vil ikkje presse barnet mitt inn i ein fritidsaktivitet som har ei sidelinje. Eg vil ikkje at barnet mitt skal føle på det å ikkje strekke til, fordi det ikkje klarar å score eit mål. Når eg blir stor, vil eg ikkje bli fotballmamma.

Eg kjem sjølvsagt ikkje til å tvinge ungen min inn i ein hobby som den ikkje er interessert i. Men eg kjem til å gjere alt eg kan for å vekke interessa for musikk hos barnet mitt.

Ein studie som heiter MasseEksperimentet, utført i Danmark, viste at born som spelar eit instrument hugsar betre enn andre born, og gjer det betre på skulen. Men kvifor då sende barnet på korpsøving, når det heller kan få pianotimar på kulturskulen? I kulturskulen må du som forelder gjere ein minimal innsats, og barnet får personleg oppfølging på kvar time. Det verkar kanskje lettare, men korps har eit viktig element som du ikkje finn i like stor grad i kulturskulen; det sosiale fellesskapet. Korps er ein hobby som omfamnar alle. Uansett kva nivå du er på eller kor mykje innsats du har råd til å leggje i det, er du velkomen på øving. Det skapar ei kjensle av fellesskap og tilhøyrsle. Det sosiale elementet er sentralt i alle korps, frå skulekorps og heilt opp til elitedivisjonen for vaksne i janitsjar og brassband.

Eit typisk argument som foreldre har for å sende borna sine på fotballtrening heller enn korpsøving, er den store mengda dugnadsarbeid det er med korpset. Det er jo for så vidt heilt sant. Til julebasaren skal det bakast kake og seljast lodd. På 17. mai må ein køyre borna fram og tilbake for å marsjere i det eine toget etter det andre. Men lat oss vere heilt ærlege: er det så mykje mindre arbeid med eit fotballag? Borna skal fraktast på kryss og tvers av fylket for å spele kampar. På turneringar må ein stå i kiosken eller vere dommar. Ein gong i året må det ryddast rundt bana og klubbhuset. Den store forskjellen er det verkeleg ikkje, og det er iallfall ikkje noko meir arbeid med korpset enn med fotballen.

Men det viktigaste er at i korpset finst det inga sidelinje. Uansett kor stor eller liten framgang du har, så blir du sett pris på for det du får til. Det einaste du treng å gjere for korpset er å møte på øvingar. Sjølv om nokon andre har meir talent enn deg, blir du ikkje droppa frå konsertar fordi du ikkje er god nok. I eit korps er alle musikarane like viktige, uansett om dei spelar den lettaste eller vanskelegaste stemma. Sånn er det i alle korps. Sånn er det ikkje på alle fotballag.

Viss eg blir fotballmamma når eg blir stor, er det ikkje verdas undergang. Då skal eg heie på barnet mitt og vere der på kvar kamp og stå i kiosken på turneringane. Men eg håpar verkeleg at eg blir korpsmamma, for då får eg gleda av å sjå barnet mitt knyte venskap for livet, og kjenne på det å vere god nok som den ein er. I dagens samfunn er det viktigare enn nokon gong før.

Følg Firda Ung på Facebook og Instagram. Vi er også på Snapchat; firdaung.

Artikkeltags