Så glad blei Elise Marie då førstepremien var sikra

VANN SIN DIVISJON: Elise Marie Mallasvik Røren og Nora Marie Hesjedal tar i mot prisen for førsteplass i 3. divisjon Brass.

VANN SIN DIVISJON: Elise Marie Mallasvik Røren og Nora Marie Hesjedal tar i mot prisen for førsteplass i 3. divisjon Brass. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

UNG: No er neste stopp ungdomskorps i Nederland.

DEL

– Det er utruleg kjekt å få eit så bra resultat etter å brukt fleire månader på å øve inn musikken. Dommarane dømmer mykje etter samspelet i korpset og korleis vi klarar å utføre musikken. Og då er det veldig kjekt å vite at vi har klart det, seier Elise Marie Mallasvik Røren (19).

Denne helga var ho ein av korpsmusikarane som deltok på korps- og drillkonkurransen Nordvesten 2018.

Ho spelar horn i Floraskulen Brassband, som i samarbeid med Eikefjord Skulemusikk vann over fire andre korps i 3. divisjon brass.

– Vi har hatt øving kvar veke, øvingshelgar, berre på å lære oss songane. Det er veldig greitt å vere over med det no.

Nederland neste

Allereie på fredag reiser ho til Nederland for å spele horn i Europas ungdomskorps.

– Der skal eg spele med andre utvalde musikarar frå heile Europa. Og så skal eg også spele i korps heile neste år, når eg blir elev på Manger Folkehøgskole på brass-linja, seier Mallasvik Røren.

Ho er ein av svært få musikarar som får oppleve Europas ungdomskorps, og den første som reiser frå heimbyen Florø.

– Korps er ein heilt unik hobby, det finst overalt. I eit korps lærer ein, og ein er garantert til å få seg nye vener, og i tillegg er det alltid plass til nye, seier ho.

Les også: Vesle Solund blei fylkets beste brassband

FEIRA: For andre gong samarbeida Floraskulen Brassband med nabokorpset Eikefjord Skulemusikk. Dei opptrådde med songane Music for Greenwich, Fiesta Mexicana, med solist Trygve Sæten Nilsen og Night Music. Korpset vart dirigert av Eikefjords dirigent, Ole Edvard Brende.

FEIRA: For andre gong samarbeida Floraskulen Brassband med nabokorpset Eikefjord Skulemusikk. Dei opptrådde med songane Music for Greenwich, Fiesta Mexicana, med solist Trygve Sæten Nilsen og Night Music. Korpset vart dirigert av Eikefjords dirigent, Ole Edvard Brende. Foto:

Elise Marie Mallasvik Røren

Elise Marie Mallasvik Røren Foto:

Nordvesten er ei årleg hending i fylket arrangert av NMF (Norges Musikk Forbund). Her opptrer kvart korps med låtar ifrå alle slags sjangrar frå viser til klassisk for å vinne over dei andre korpsa. Vinnarane blir kåra av eit par dommarar.

– Arrangementet er meir enn ein konkurranse, det er ein måte å vise oss fram til andre korps, samtidig bli ein større del av korpsmiljøet i fylket, seier Mallasvik Røren.

Eit ekstra alternativ for veteranane

Ho har vore aktiv i korpset sitt i fleire år. Og som veteran i korpset får ho delta i noko som heiter NUB.

– NUB er regionskorpset til Sogn og Fjordane, her kan alle korpsmedlemmar i alderen av 14–19 år delta på to øvingshelger i året, for å få utfordring, og samtidig oppleve eit utruleg bra samspel med folk frå heile fylket, legg ho til.

I AKSJON: Under festkonserten på Nordvesten hadde NUB ein eigen konsert med gjestesolist Eirik Gjerdevik på tuba og sousafon.

I AKSJON: Under festkonserten på Nordvesten hadde NUB ein eigen konsert med gjestesolist Eirik Gjerdevik på tuba og sousafon. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken