FISKEDOKTER: Andreas Berge (28) jobbar på Osland Havbruk i Bjordal.

Andreas passar på at laksen er frisk som ein fisk

Andreas Berge (28) er fiskehelsebiolog og jobbar i eitt av Norges eldste oppdrettselskap.
Publisert

– Det viktigaste er å sørge for at fisken er frisk og har det godt. Er den det, så veks den godt og det er god butikk. Det er trass alt fisken vi tener pengar på, seier Berge.

Andreas Berge jobbar på Osland Havbruk i Bjordal på sørsida av Sognefjorden. Dei produserer i snitt ca. 8000 tonn laks og aure årleg - alt frå eiga rogn til ferdig slakta fisk som skal ut på verdsmarknaden.

Mitt yrke

Firda Ung møter menneske som har eit yrke dei ønsker å vite meir om.

Del 1: Gravferdskonsulent

Del 2: Fiskedoktor

Del 3: Healer

Del 4: Trafikkassistent

Sjekkar helsa til fisken

– Korleis ein oppnår god fiskehelse er temmeleg komplekst og startar lenge før fisken kjem i sjøen, fortel Andreas.

– Det er lagt inn masse arbeid i alle ledd, frå kva egg ein begynner med til kva fôr fisken skal ete i dei forskjellige stadia i livet sitt. Kva temperatur den skal ha på land, oksygennivå, co₂-verdiar samt kva straumhastigheit det skal vere i kara på land.

Og ingen dag er lik.

– I korte trekk går arbeidsdagen min ut på å undersøke helsestatusen til fisken, ta forskjellige prøvar av fisken ved mistanke, og overvake patogenar, som er sjukdomsframkallande mikroorganismar. Ein må òg halde seg fagleg oppdatert, seier han.

MOTIVERT AV RESULTAT: Andreas Berge meiner at det kjekkaste med yrket er å oppnå gode resultat.

MOTIVERT AV RESULTAT: Andreas Berge meiner at det kjekkaste med yrket er å oppnå gode resultat. Foto:

Må vere sjølvstendig

Med utdanning som fiskehelsebiolog i ryggsekken har ein ei fagleg tyngde til å jobbe med mange område innan oppdrettsnæringa og forvaltning.

– Om ein skal praktisere yrket som «rein» fiskehelsebiolog er det ein fordel å ha stor arbeidskapasitet, kunne jobbe sjølvstendig og å vere nøyaktig. Her er det sjølvsagt ingen fasit – det viktigaste er at ein får jobben utført korrekt innan dei rammene som er sett. Alle utfører jobben litt forskjellig ut ifrå dei personlege eigenskapane ein har, fortel Andreas.

Det er dagar og veker det skjer ekstra mykje, der ein må stå på litt ekstra for å komme i mål med det ein skal. Sjølv om det er mykje å gjere, synest han det er kjekt at det skjer ein del. Ein ting han lærte av sjefen då han starta, tar han med seg i alt han gjer:

– Korleis kan vi optimalisere og gjere ein best mogleg jobb for å oppnå dei måla vi set oss? Om ein jobbar med dette kvar dag kjem ein alltid litt nærare, seier han.

– Nesten garantert jobb

Det kjekkaste med jobben er når ein oppnår gode resultat, meiner Berge.

– Eg trivst særs godt på arbeidsplassen min. Her har eg det eg treng for å trivst; spennande og utfordrande arbeidsoppgåver, og ikkje minst kjekke kollegaer, seier han.

– For meg verkar det som at ein er nesten garantert jobb som nyutdanna fiskehelsebiolog no, seier Andreas.

Han fortel om tilfelle der studentar har fått fast jobb allereie før dei er ferdig utdanna.

– Dette har vore eit problem for fakultetet. Det er fleire som har slutta i studiet før dei har fullført utdanninga fordi dei har skaffa seg godt betalte og kjekke jobbar medan dei var studentar.

LANG PROSESS: – Korleis ein oppnår god fiskehelse er temmeleg komplekst og startar lenge før fisken kjem i sjøen, seier Berge.

LANG PROSESS: – Korleis ein oppnår god fiskehelse er temmeleg komplekst og startar lenge før fisken kjem i sjøen, seier Berge. Foto:

Artikkeltags