Denne gjengen skal sørge for ei god russetid

RUSSESTYRET I HØYANGER: OppeMagnus Frivik (media), Kristina Eraker (visepresident), Agnete Ørnehaug (president), Thomas Myrekrok (terrorsjef)
Nede frå venstre: Viktoria Molvik (terrorsjef) og Amalie Ramsli (media)

RUSSESTYRET I HØYANGER: OppeMagnus Frivik (media), Kristina Eraker (visepresident), Agnete Ørnehaug (president), Thomas Myrekrok (terrorsjef) Nede frå venstre: Viktoria Molvik (terrorsjef) og Amalie Ramsli (media) Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

UNG: Russetog, talar og fest. Russen i Høyanger har planane klare. På Mo og Øyrane startar dei planlegginga no.

DEL

– Vår plan er å få alle med på arrangementa, at alle skal kose seg og nyte tida som russ! er bodskapen til russestyret på Høyanger vidaregåande skule.

Dei som sit i russestyret er:

Agnete Ørnehaug (president), Kristina Eraker Ødegård (visepresident), Viktoria Molvik og Thomas Myrekrok (terrorsjefar) og Magnus Frivik og Amalie Ramsli (mediesjefar).

Deira planar for russen er å reise delta på landstreffa i Bergen og Stavanger, og nokre skal også på russetreff på Breim. Elles avsluttar dei med fest natt til 17. mai, russetog og tale framfor heile bygda.

– Har berre gode planar for russetida

Mo og Øyrane vidaregåande skule har nettopp valt russestyre. Dette er:

Adrian Djupvik, 17 år frå Førde. (President).

– Det var kjekt å få beskjeden at eg var blitt valt til president. Det var eit jamt val mellom meg og 2.-kandidat. Førebels har vi ikkje lagt nokre planar for året, ettersom vi ikkje har hatt møte endå.

Emma Reite, 17 år frå Førde. (PR-sjef).

– Eg valte sjølv å stille som kandidat, og var åleine om det. Så då var jo saka grei.

MO OG ØYRANE: F.v: Adrian Djupevik (president), Henriette Nydal (økonomisjef), Emma Reite (pr-sjef), Peter Søreide Skaar (aksjonssjef) og Nikolai Sunde Årdal (visepresident).

MO OG ØYRANE: F.v: Adrian Djupevik (president), Henriette Nydal (økonomisjef), Emma Reite (pr-sjef), Peter Søreide Skaar (aksjonssjef) og Nikolai Sunde Årdal (visepresident). Foto:

Peter Søreide Skaar, 17 år frå Stongfjorden. (Aksjonssjef).

– Det var sjølvsagt gøy å bli valt. Eg har berre gode planar for russestyret.

Henriette Nydal, 19 år frå Nydalen. (Økonomisjef).

– Eg melde meg som frivillig til å vere økonomisjef. Eg ville vere med på noko eg vanlegvis ikkje gjer, og så virka det interessant og morosamt.

Nikolai Sunde Årdal, 17 år frå Skei. (Visepresident).

– Det var kjekt å bli valt som visepresident. Planane er ikkje klare endå, men dei kjem.

Artikkeltags