T.v miljøkoordinator på Firda vgs, Liv Ingunn Holvik og Elisabeth Fure Schwarz
Rakel Rose øVretveit

På Open skule «loggar ein på livet»

GLOPPEN: Tre kveldar i veka arrangerer Firda vidaregåande Open skule. – Tilbodet skapar eit veldig fint fellesskap på tvers av linjene. Her kan ein spele spel saman, arbeide med lekser eller sitje og prate, seier miljøkoordinator Liv Ingunn Holvik.
Publisert

I eit hjørne sit ein gjeng og spelar kort. På benken er det dekka på med heimebakte rundstykke og eit utval pålegg, alt frå ha-på til kvitost og gulrot. Ved langbordet sit ein veninnegjeng og hjelp einannan med leksene. Ein tilfeldig onsdag på Open Skule er det høgt aktivitetsnivå, og mange som kjem innom på besøk.

Gratis kvelds lokkar ungdommane

– Open Skule skapar eit veldig fint fellesskap på tvers av linjene. Her kan ein spele spel saman, arbeide med lekser eller sitje og prate, seier Holvik.

Ho har hovudansvar for Open Skule. Ho har jobba på skulen i snart 16 år, og har mykje å fortelje om tilbodet.

– På onsdagar er det gratis kvelds frå 1900-2200, og då er det alltid mykje folk innom. Nordmenn er van med at ein samlast rundt mat, og at det er eit viktig element i sosiale samanhengar. Det ser ein at fungerer her på Open Skule òg, seier Holvik som fortel at på ein bra kveld er det over 70 unge innom og et kvelds.

– Då kan det bli litt travelt, men heile poenget med Open Skule er jo det sosiale samværet. Det er slik ein elev sa til meg for nokre år sia: På Open Skule loggar ein på livet, seier Holvik.

STAMGJEST: Borgar Bjarkason er på Open skule alle kveldane dei har ope. Her med Iben Solberg.

STAMGJEST: Borgar Bjarkason er på Open skule alle kveldane dei har ope. Her med Iben Solberg. Foto:

– Ein kvardagsrutine

Ein av stamgjestane på Open Skule er Borgar Bjarkason (17). Han går på musikklinja på Firda, og er på Open skule dei tre dagane i veka det er ope.

– For meg er det ein del av kvardagsrutinen å kome ned her viss eg treng ein pause og vil ha meg ein kopp kaffi. Viss det er få andre elevar kan eg gjerne sette meg ned med Liv. Ho kan vere veldig god å snakke med, utan at det treng å vere så formelt. Her får ein også moglegheita til å møte nye vener i ein meir avslappa samanheng enn på skulen, fortel han.

Elisabeth Fure Schwarz (18) kjem for å ta seg ein matbit etter trening. Ho er ikkje så ofte på Open Skule, men synest det er fint å kunne droppe innom når ein føler for det, og det at det ikkje er bindande gjer at terskelen er lågare for å dukke opp når ho har lyst.

– Eg er her oftast på onsdagar, fordi eg synest gratis kveldsmat er eit fint tilbod. Det er mange fine tilbod her, men det beste er å sitje og snakke med folk, eller å berre kjenne på atmosfæren, slik som no, seier ho og nikkar mot ei sofagruppe i nærleiken. Der sit ei større gruppe i lag og syng og spelar gitar.

SPELAR KORT: Abdiasiis Abdullahi (t.v) og Mahamud Ibrahim lærer vekk kortspel til dei norske ungdommane.

SPELAR KORT: Abdiasiis Abdullahi (t.v) og Mahamud Ibrahim lærer vekk kortspel til dei norske ungdommane. Foto:

– Her kan vi alle bli kjend med kvarandre, og vi har lært mange av våre kortspel til dei norske ungdommane. Det er kjekt å kunne lære bort noko til nokon andre, fortel Mahamud Ibrahim (19).

Saman med Abdiasiis Abdullahi (21) går han på grunnskuleutdanning for minoritetsspråkleg ungdom, eit nytt tilbod På Firda VGS. Dei kom til Open Skule etter å ha høyrd om tilbodet frå lærarane sine.

– Vi er ikkje her så ofte, men når vi er her er det veldig kjekt, poengterer Abdullahi.

Artikkeltags