Håkon (18) vil at det nye storfylket skal heite «Fjordane»

– Dette namnet seier så mykje meir om fylket enn berre den geografiske plasseringa, seier Håkon Fjellestad (18) frå Sandane.
Publisert

Om du kunne vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

Firda VGS er allereie ein særs bra skulle, så her er ingen store endringar eg ville ha gjort. Men eg ville kanskje fjerna alle merknadane som eg har fått for å ha levert ting for seint.

Kva er du redd for?

At vinteren no er over.

Når laug du sist?

På førre spørsmål. Det var jammen på tide at vinteren pakka i hop og drog. Eg likar aller best vatn i flytande form. Hadde det vore opp til meg hadde snøen helde seg 400 m.o.h.

Kven er forbildet ditt?

Det må bli broren min, Steffen. Han har hjulpe og rettleia meg mykje og han har som regel eit fornuftig svar på alt. Han er berre eitt år eldre enn meg, noko som er veldig praktisk då han har spart på alle prøvene han har hatt på skulen.

Kva er det siste mobilbildet du tok?

Det er av meg og broren min foran Sagrada Familia-kyrkja i Barcelona. Vi var der berre på mellomlanding, så vi sprang rundt for å ta bilete av alt mogleg dei 15 minutta vi var i byen.

 

Er det ei sak som engasjerer deg for tida?

Ja. Eg likar ikkje at det nye storfylket skal heite Vestland. Det er lite kreativt og liknar for mykje på landsdelen vår Vestlandet. Eg likar betre Fjordane. Dette namnet seier så mykje meir om fylket enn berre den geografiske plasseringa. Alle kommunane i det nye fjordfylket vil ha ein fjord. I tillegg er fjord eit av få norske internasjonale ord, så her ligg og ein stor marknadsføringsverdi.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis - kva ville det ha vore?

Eg skulle ønske at eg hadde prøvd litt hardare å stå i ringen på siste kast i diskokast-finalen i UM (NM for ungdom) i friidrett i fjor. Det kastet hadde vore mitt lengste og sikra meg palleplass, men til min store irritasjon klarte eg å få skotuppen oppå kanten av ringen, noko som ikkje er lov, så då vart kastet ugyldig.

Kva var det siste du googla?

Det var «bensinprisar i Norge vs andre land i verden». Det er mange som klagar på dei høge prisane her i Norge, så eg ville undersøke saka nærmare. Det viser seg at drivstoffprisane i Noreg er blant dei lågaste i heile verda samanlikna med gjennomsnittsinntekta vår.

Kva er din store draum?

Det å ta eit friår i utlandet, i eit engelsk- eller spansktalande land. Det hadde vore spennande. Det er noko å få nye impulsar, oppleve ein anna kultur og språk.

Kva for ein kjendis kunne du ha tenkt deg å gått på date med?

Ulrikke Falch. Ho er samfunnsengasjert og har blitt ei røyst for ungdommen på mange område. Ho verkar for å vere ei bra dame.

 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken