Processed with VSCO with e5 preset
Matilde Kvammen

Viss Max blir rik, flyttar han vekk frå gråvêret på Vestlandet

Publisert

Tyske Max Borkowski (19) flytta til Førde då han var 10. Ni år med gråvêr får han til å lengte austover.

Korleis har du det?

Ganske bra. Har nettopp vore på Gatebil, så det har vore ein fin sommar så langt. Spesielt fint på Austlandet der Gatebil blei halde. Der var det så fint vêr at eg brende meg over heile kroppen.

Kva ville du gjort viss du vann 10 millionar i Lotto?

Det første eg hadde gjort ville vere å kjøpe meg ein stroken Harley. Så hadde eg flytta til Austlandet og kjøpt meg eit hus. Er som regel fint vêr der.

Når var du sist redd?

Natt til måndag, då eg såg ein edderkopp. Eg skulle ut å hente avisa for å ta den, men då eg kom tilbake var den vekke.

Kva er du opptatt av/noko du verkeleg likar?

Eg likar å trene og henge med kompisar. Det er stort sett det eg gjer på fritida. Det og å sjå seriar.

Når laug du sist?

Det var på søndag, men eg kan ikkje sei kva det var.

Kven er ditt forbilde/ser du opp til?

Ser eigentleg ikkje opp til nokon, men mine beste kompisar betyr mykje for meg. Eg hadde ikkje særleg mange venner før eg kom til Norge, så eg set veldig pris på mine beste venner og ser på dei som familie.
 

Foto:

Kva er planane dine for sommaren?

Carpe diem.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

Då skulle eg ha vore snillare mot familien min då eg var yngre. Eg var ein liten rebell som aldri gjorde det eg fekk beskjed om.

Kva er noko ingen andre veit om deg?

Eg er så ærleg som du får det, legg ikkje skjul på noko.

Kva er din beste og verste eigenskap?

Eg er alltid ærleg uansett kven det er, og seier det eg meinar. Det kan vere både positivt og negativt. Det er ikkje alltid lurt å seie det du meinar sjølv om du har gode intensjonar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken