(Foto: )

Håvard hyllar Lothepus. – Det er ingen sensur på han

Håvard Sætre (16) frå Førde kler seg i svart frå topp til tå for å halde seg varm om vinteren. Hans store passion er å gjenopplive eit dødt musikkmiljø i Førde.
Publisert
DEL

Korleis har du det?

Eg har det ganske fint for tida. Har gode karakterar på skulen, stressar ikkje og har det bra med venner. Livet smiler.

Fortel litt om ditt val av klede.

I dag gjekk eg for ein veldig einsfarga og mørk stil. Med tanke på den kalde temperaturen så må eg berre trekke til meg all varme eg kan.

Kva ville du gjort om du vann 10 millionar i lotto?

Då hadde eg kjøpt tidenes dyraste og beste utstyr til gitaren min. Eg hadde brukt mykje på musikk og instrument. Hadde nok unnt meg ein tur på konsert også.

Når var du sist redd?

Hmm, no må eg tenke litt. Siste gong eg fekk tilbake ei prøve! Pleier å bli ganske nervøs når eg får tilbake prøver, men denne gjekk heldigvis ganske fint. Hehe, men det er vel ganske irrasjonell frykt.

Kva er din passion?

Min passion er musikk! Spesielt blues og rock. Og eg er ganske opptatt av å få i gang eit skikkeleg musikkmiljø i Førde. Vi er berre nokre få som er skikkeleg engasjerte, så det er ganske håplaust for tida.

(Foto: )

 

Når laug du sist?

Hmm, det var vel i førgårs. Det var berre ei kvit løgn om kor eg skulle, meeen eg ønsker ikkje å gå i detaljar om det.

Kva er din favoritt norske reality-kjendis?

Lothepus. Han snakkar rett frå levra og det er ingen sensur på han. Farmen Kjendis hadde ikkje vore like bra utan han.

Kva er du aktuell med?

Eg er aktuell med fullt av verv, for blant andre AUF og Ungdommens Bystyre i Førde. Så berre køyr på med verv, ta sjansar og meld deg inn i organisasjonar. Det er kjekt!

Kva er det ingen veit om deg?

Eg er ein ganske utadvendt person, så eg kjem ikkje på noko. Eg fortel nesten alt til alle.

Kva var den siste sms-en du fekk?

Det var «kan du lage kaffi?» av mamma.

Artikkeltags