Ingrid Svanes Haukereid frå Førde.
Mathilde TjøNneland / Firda Ung

Ingrid vil gå på arkitektskule, men er redd for å ikkje komme inn

Førdejenta Ingrid Svanes Haukereid sin store draum er å teikne hus, eller å bli makeup-artist.
Publisert
DEL

Om du kunne vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

Eg ville hatt ein fast dag i månaden med gratis frukt til alle elevane på skulen. I tillegg hadde eg bede alle lærarane om å vere mindre nøye når det kjem til fråværsgrensa.

Kva er du redd for?

Eg er redd for at eg ikkje skal komme inn på skulen eg har lyst til etter vidaregåande, Arkitektskulen i Oslo.

Kven er forbildet ditt?

Det er Rihanna. Ho er berre så kul, og ho seier alltid det ho meiner. Då ho skulle lansere foundation-merket sitt, passa ho på å lage ein farge for alle. Det synest eg var veldig bra gjort!

Når laug du sist?

For ein time sia då eg fekk spørsmål om å kjøpe noko, og sa at eg ikkje hadde pengar.

Kva var det siste mobilbildet du tok?

 

Kva var den siste songen du høyrde på?

«Why do you feel so down» av Declan McKenna. Han har så mange fine songar.

Om du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

Då hadde eg nok valt å øve meir til min førre matteprøve.

Kva var det siste du googla?

Yuan Yun Tan i samanheng med at Barbie la ut ei linje med feministikon i går, der ho var med og hadde på seg kostyme frå Svanesjøen.

Kva er din store draum?

Min største draum er å bli arkitekt eller makeup-artist. I tillegg har eg lyst til å lage kunst på fritida.

Kva for ein kjendis kunne du tenkt deg å gå på date med?

Michael B Jordan. Han er berre så kul og fin! I tillegg kunne eg snakka med han om Black Panther filmen.

Elin drøymer om å bli «Spiderman» eller popstjerne 

Artikkeltags