Trym (16) treng privatbil, eller taxi, for å vere igjen i Førde etter skuletid

SAKNAR BUSS PÅ KVELDSTID: Trym Hansen Skarshaug frå Viksdalen kan ta buss til og frå Førde når han skal på Hafstad vidaregåande skule. Men på kveldstid treng han skyss om han vil til Førde.

SAKNAR BUSS PÅ KVELDSTID: Trym Hansen Skarshaug frå Viksdalen kan ta buss til og frå Førde når han skal på Hafstad vidaregåande skule. Men på kveldstid treng han skyss om han vil til Førde. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

UNG: Ingen bussar går til Viksdalen på kveldstid. Trym (16) trur at viss tilbodet for kollektivtilbodet ute i distrikta blir betra, vil folktetalet der auke.

DEL

– Ein av grunnane til at folk vel å ikkje busette seg ute i distrikta, er at det kan vere vanskeleg å komme seg til og frå dersom ein ikkje har lappen.

Det seier Trym Hansen Skarshaug, som sjølv opplever at det kan vere vanskeleg å vere busett i Viksdalen som ungdom. Kvar vekedag pendlar han til Førde der han går på Hafstad vidaregåande skule.

– Eg har same rutine kvar dag: Buss frå Viksdalen klokka 07.00 på morgonen, og tilbake att 15.20 etter skulen.

Etter 15.20 går det ikkje fleire bussar til Viksdalen. Viss Hansen Skarshaug vil til eller frå Førde på kveldstid, må han få skyss av foreldra eller ta taxi.

– Det er i Førde det skjer

Bussen er den einaste moglegheita Hansen Skarshaug har for å komme seg til og frå skulen, ei rutine han sjølv meiner er ganske grei. Likevel kan han til tider oppleve problem med denne ruta.

– Med tanke på at bussen som går 15.20 er min einaste moglegheit til å komme meg heim, er det sjeldan eg kan vere igjen i Førde. Då må eg alltid finne ein annan måte eg kan komme meg heim på, noko som er vanskeleg.

Hansen Skarshaug meiner at tilbodet for kollektiv transport i fylket, spesielt ute i distrikta, kan opplevast som dårleg.

– Det er i Førde dei store tinga skjer. Det er der ein har moglegheit til å gå på kino, bowling og delta på andre fritidsaktivitetar. Problemet for oss som bur ute i distrikta, er at vi mesteparten av tida må køyre bil dersom vi vil delta på noko av dette. Det finst ikkje noko tilbod for kollektiv transport vi kan ha nytte av, anna enn den som er tilrettelagt for dei som går på vidaregåande skule i Førde.

Må bruke privatbil eller taxi

Hansen Skarshaug seier det er bra at det er lagt til rette for at ungdommen frå Viksdalen som går på skule i Førde, har moglegheit til å komme seg til Førde med buss. Det Hansen Skarshaug bekymrar seg for, er ungdommen som går på skule i Viksdalen, og resten av bygda.

– I Viksdalen er det ikkje stort med butikkar, anna enn nærbutikken Joker, som er ganske praktisk. Dersom ein vil til Førde for å handle, må ein anten køyre med privatbil, eller ta taxi. Å ta taxi opplevest som praktisk, men det kan bli ganske dyrt i lengda om ein må nytte nytte den hyppig, med tanke på avstanden til Førde.

Foreslår å sprenge hol i fjellet

For å løyse problemet, forslår Hansen Skarshaug at det blir sett opp fleire bussar til og frå Viksdalen. Eit anna forslag er at vi rett og slett slår hol i fjellet mellom Viksdalen og Holsen. Ved å gjere dette vil turen  til Førde gå dobbelt så fort som det den gjer i dag.

– Med dette trur eg at vi mellom anna kan klare å auke folketalet i Viksdalen. I tillegg vil innbyggarane bli endå meir fornøgde enn dei er i dag, sidan det vert lettare å komme seg til Førde.

Lagt til rette for skuleskyss

Dina Lefdal, som er ansvarleg for samferdsle i fylkeskommunen, seier at årsaka til lite kollektivtransport til og frå Viksdalen er at det er relativt få reisande. Fylkeskommunen har difor valt å legge opp kollektiv transport slik at det passar med skuleruta. Ho legg til at det ikkje berre er slik i Viksdalen, men også andre stadar i Sogn og Fjordane der folketalet er lågare enn andre stader.

Artikkeltags