LIDENSKAP: – Det er min store lidenskap å kunne hjelpe folk i ein vanskeleg situasjon igjennom healing, seier Knut Robert England, som var i 20-åra då han merka at han hadde varme hender.
Sivert Rygg

– Eg set aldri healing framfor medisin. Healing skal vere eit godt supplement

Knut Robert England frå Høyanger er healer og har behandla sjuke i 25 år. Han seier sjølv at han ser på det som ein hobby, men han har noko forteneste.
Publisert

– Eg merka først at eg hadde varme hender i 20-åra. Eg hadde smertefull klasehovudpine, og eg merka at smertene vart mindre når eg tok hendene opp mot hovudet. Heilt sidan då har eg visst om krafta mi, men eg tok ikkje den i bruk før på 90-talet, seier England.

Han ønsker ikkje å kommentere kor mykje han tener, eller kor mykje han tek for behandlinga si. Han seier han har hatt om lag 50 klientar sidan nyttår.

– Healinga ligg nært hjartet mitt. Det er min store lidenskap å kunne hjelpe folk i ein vanskeleg situasjon igjennom denne behandlingsmetoden. Det beste med å vere healer er dialogen med klienten, og når ein får gode tilbakemeldingar, seier England.

Mitt yrke

Firda Ung møter menneske som har eit yrke dei ønsker å vite meir om.

Del 1: Gravferdskonsulent

Del 2: Fiskedoktor

Del 3: Healer

Del 4: Trafikkassistent

Brukar bamse i fjernhealing

England driv ikkje berre med healing av personar. Han hevdar at han kan blant anna behandle dyr, reinse hus, sjå ditt tidlegare liv og drive fjernhealing.

– Eg har vore mykje i Sverige for å utforske andre delar av det alternative, og der har eg fått mykje god inspirasjon og lærdom, seier han.

Han fortel at han også har plukka opp tips og triks frå TV-programmet «Åndenes makt» på TVNorge.

Den mest kjende forma for fjernhealing er igjennom telefon. Det meiner England at berre er eit forstyrrande element. Han har ein meir utradisjonell metode for fjernhealing.

– Når eg skal fjernheale nokon, brukar eg aldri telefon. Eg har ein bamse som eg visualiserer klienten min i, så healar eg bamsen som om den skulle vere eit menneske. Og så når eg er ferdig med healinga, ringer eg til klienten for å gi ei forklaring på kva eg fann ut av.

Ikkje dokumentert bevis

Den norske healing-bransjen i Norge kan vere større enn folk kanskje trur. I 2016 nytta om lag 50.000 av det norske folk den alternative behandlinga, viser ei undersøking frå Nasjonalt forskingssenter innan komplementær og alternativ medisin.

Men det er ikkje alle som er like begeistra for den alternative behandlingsmetoden. Mange meiner han utnyttar folk i vanskelege situasjonar for eigen gevinst.

– Om eg ikkje hadde trudd på det sjølv, så hadde eg ikkje drive med det. Bevisa mine er tilbakemeldingar frå klientane, men eg har ikkje noko dokumentert bevis. Så lenge eg seier til klienten min at det ikkje har nokon dokumentert effekt, så synest eg det er etisk korrekt, seier han.

Klientane hans er frå eit mangfald av aldersgrupper. Han får inn alt frå barn til pensjonistar med både psykiske og fysiske problemstillingar.

– Kan du kurere kreft?

– Det kan eg ikkje svare på, men om nokon kjem til meg med kreft, så tek eg vare på dei. Eg set aldri healing framfor medisin. Healing skal vere eit godt supplement, svarar han.

Les også:

Artikkeltags