Lene Louise Madsen, Florø, 17 år.
Vilde SøRbotten Johansen

Lene Louise elskar å spele kornett – men sjølv er ho totalt tonedøv

Lene Louise Madsen (17) frå Florø kamuflerer seg bak instrumenta slik at ho er sikker på at ho treffer tonane. No håpar ho å få spele kornett for kongen.
Av
Publisert

Korleis har du det?

Akkurat no er eg ganske stressa, med tanke på alle heildagsprøvene framover. Dei kjem så tett, og alltid når ein minst ventar det, og så er det jo eit lite hyggeleg teikn om at eksamen nærmar seg.

 

Kvifor har du valt å gå kledd slik i dag?

Eg har faktisk ei heilt ny jakke på meg i dag. Regnjakke er verkeleg ei nødvendigheit i Florø.

 

Kva ville du gjort dersom du vann 10 millionar i Lotto?

Då ville eg kjøpt mange instrument og så ville eg brukt resten på ei lang reise til Japan. Kulturen der verkar så spennande og folka der er så forskjellige. Dessutan har mange spel eg likar opphav derifrå.

 

Når var du sist redd?

Det var då eg skulle opne brevet frå forsvaret, for å sjå om eg kom inn på sesjon 2. Det gjorde eg heldigvis! Er veldig letta, spesielt med tanke på at eg kanskje ikkje er den mest kvalifiserte personen til å vere i militæret. Eg har veldig lyst til å spele kornett i garden, og no har eg ein sjanse til å klare det!

 

Kva er du opptatt av?

Akkurat no er eg mest opptatt av korps, og er på øving to gongar i veka. Dessutan så skal eg på samling snart, med ungdomskorpset eg er med i. Vi har berre samling to gongar i året, så det blir kjekt.

 

Når laug du sist?

Eg kan faktisk ikkje hugse sist eg laug, med mindre du reknar med nokre kvite løgner ein gong i blant.

 

Kven er din norske favorittkjendis?

Av norske kjendisar likar eg Raske menn og Ylvis, men Magnus Carlsen er nok favoritten. Ein gong sat eg fem timar i strekk for å sjå partiet då han vann VM-tittelen.

 

Kva er du aktuell med?

April og mai er alltid ei herleg blanding av vårfølelse, øving til prøver og 17.-mai-spel. Det er litt stress, men det er alltid verdt det når juni kjem og du kan sjå fram mot sommarferien.

Kva er noko ingen andre veit om deg?

Eg hatar å synge! Eg er totalt tonedøv, og treffer ikkje ein einaste tone – sjølv kor mykje eg prøvar. Det er nok difor eg likar å kamuflere meg bak instrumenta, så kan heller dei treffe tonane for meg.

 

Kva er den siste sms-en du fekk?

Den siste sms-en eg fekk, var om eg ville vere med og spele på Kystmuseet i dag. Der skal det vere opning av kunstutstillinga «Kunst for kidz». Pengane vi tener går til korpstur til Spania, så dugnadsånda står sterkt i korpset.

Artikkeltags