Droppa dyr vaksine før ho reiste til Afrika – det fekk ho angre på

HJELPER BARN: – Mange trur at vi reiste til Malawi for å redde barn som leid av svolt – det var ikkje hensikta. Vårt fokus var og er på elevane og på deira utdanning. Det er dét pengane går til, seier Edwina Ann Kronen Rossi (bildet).

HJELPER BARN: – Mange trur at vi reiste til Malawi for å redde barn som leid av svolt – det var ikkje hensikta. Vårt fokus var og er på elevane og på deira utdanning. Det er dét pengane går til, seier Edwina Ann Kronen Rossi (bildet). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Edwina Ann Kronen Rossi (17) fekk kolera på studietur og låg strak ut i to dagar.

DEL

– Det var kanskje ikkje så lurt å la vere å ta den.

Flora-elevane Edwina Ann Kronen Rossi (17), Johanne Malene Grønnevik (17) og Ingeborg Vik (18), er heime att etter ei lang reise til Nkhotakota i Malawi.

Bakgrunnen for turen var samarbeidet Flora vidaregåande skule har hatt med landet i ti år. Skulen har samla inn pengar gjennom Aksjonsdagen og Internasjonal dag, og oppgåva til jentene på denne turen var å velje satsingsområde for desse.

Droppa ein vaksine

Før jentene reiste måtte dei ta mange vaksinar. Trass dette vart Edwina sjuk, truleg på grunn av den eine drikkevaksinen mot kolera (turist-diaré), som ho hoppa over.

– Det vart sagt at denne hadde liten verkningsgrad, og så var den ganske dyr. No når eg ser tilbake, var det kanskje ikkje så lurt å la vere å ta den, seier Rossi.

Ho trudde først at ho var blitt matforgifta, men ettersom det berre var ho som vart sjuk, skjønte ho at det måtte vere mangel på den siste vaksinen. 

– Det gjekk fint første dagen, men andre dagen ville eg berre heim att. Heldigvis var det ei veldig hyggeleg hushjelp som laga te og mat til meg, fortel ho.

Aldri sett eit kamera

– Mange trur at vi reiste til Malawi for å redde barn som leid av svolt – det var ikkje hensikta. Vårt fokus var og er på elevane og på deira utdanning. Det er dét pengane går til, seier Rossi.

Det var ein lang biltur frå flyplassen til Nkhotakota.

– Vi stoppa på ulike stader, og kvar gong kom det mange barn springande og bad om pengar, seier Johanne Grønnevik tydeleg påverka av inntrykka.

Trass i at barna aldri hadde sett eit spegelreflekskamera før, likte dei godt å bli tatt bilete av.

– Då dei såg mobiltelefonane våre, smilte dei og ville bli tatt bilete av heile tida, seier dei.

Monterte solcellepanel

Trass i litt sjukdom hadde reisefølget på sju ein bra tur. På kulturhuset, som skulen har vore med på å finansiere, fekk jentene teste ut litt av det dei ulike linjene har å by på.

– Eg fekk prøve sveising med TIP-elevane. Utstyret var ikkje av det beste, men det slo meg kor takknemlege dei var for det dei hadde, og dei hadde dessutan ein enorm respekt for lærarane sine, seier Vik.

Kulturskulen er svært mykje brukt.

– Alle på kulturhuset var svært imøtekommande. Det var ikkje vanskeleg å leggje merke til kor mykje dei sette pris på skulens bidrag, seier Vik.

Eitt av satningsområda til Flora vgs. er montering av solcellepanel, og jentene var med på å montere hos ein familie på 14.

– Dei sov 14 menneske på eit område lik halvparten av eit klasserom i Noreg, og dei hadde verken madrassar eller elektrisitet, før solcellepanelet var på plass, fortel Vik.

Tener 6000 kroner i året

I alt brukte dei 200 kroner på mat. I Malawi er dette betydeleg mykje meir enn det som er vanleg.

– I Noreg er ei krone ingenting, men i Malawi er dette mykje pengar. Ein gjennomsnittleg person i Nkhotakota tenar 6000 kroner i året, seier Grønnevik.

Sjølv om dei har lite pengar, har dei tre jentene fått inntrykk av at dei fleste har nok til å overleve.

– I Nkhotakota har dei ei elv med mykje fisk. Men 90 prosent av kosten deira består av maisgraut. Vi prøvde dei ulike lokale rettane, men maisgrauten var ikkje spesielt god, fortel Edwina Rossi.

– Sjølv om Malawi er eitt av verdas fattigaste land, la vi ikkje merke til svolt eller liding. Det verka som om alle var glade og nøgde, og dei hadde både drikkevatn og mat. Det som derimot var litt spesielt, var at dei ikkje hadde eit mål for dagen. Dei berre vimsa rundt, utan mål og meining, men dei aksepterte at det var sånn det var, seier Rossi.

PÅ TUR: 15. april reiste Ingeborg Vik, Johanne Malene Grønevik og Edwina Ann Kronen Rossi til Malawi.

PÅ TUR: 15. april reiste Ingeborg Vik, Johanne Malene Grønevik og Edwina Ann Kronen Rossi til Malawi. Foto:

– «Kvitingar» går ikkje

Jentene, og dei fire vaksne skilte seg tydeleg ut, og fekk ifrå første sekund eit felles kallenamn: Mzungu.

– Kvar enn vi gjekk, kalla alle oss for Mzungu, som tydar «kviting». Dei hadde også lært at kvitingar ikkje skal gå, så vi vart heile tida spurt om skyss, med sykkel sjølvsagt, seier Grønnevik.

Men ikkje all merksemda var like kjekk, og Grønnevik fortel at nokon var svært nær å stele pengane hennar.

– Dei drog i vesker og forsøkte å stele pengane våre, det var ubehageleg, fortel ho.

– Kva har gjort mest inntrykk på dykk?

– Alt samla eigentleg. Det er vanskeleg å forklare korleis det har vore. Ein må nesten reise ditt sjølv om ein skal forstå alle inntrykka, seier Vik.

Artikkeltags