Nytt valfag opnar auga til niandeklassingane

ENGASJERTE: Her er nokre av elevane som tar valfaget «Innsats for andre». Frå venstre: Sondre Westbø Solberg, Tobias Notø, Ina Martine Brendø, Anette Vågane.

ENGASJERTE: Her er nokre av elevane som tar valfaget «Innsats for andre». Frå venstre: Sondre Westbø Solberg, Tobias Notø, Ina Martine Brendø, Anette Vågane. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: I haust opna valfaget «Innsats for andre» på Flora ungdomsskule. Det har blitt populært blant elevane.

DEL

Når du går inn i klasserommet, blir du treft av positiv energi. Det er grupper som diskuterer kva kaker som skal bakast, nokre går rundt med telefon på øyret og andre teiknar opp korleis deira neste arrangement skal sjå ut.

Ein av lærarane i valfaget, Anne Marit Seljeseth (30), går rundt og ser korleis det går med kvar enkelt, og du får inntrykket av at alt er under kontroll.

Gjere ein forskjell

– Valfaglinja handlar om å vise elevane at ein kan gjere ein forskjell utan å tene pengar på det. Eg legg også merke til at elevane har fått eit sterkare forhold til blant anna eldre menneske, seier Seljeseth som brenn for frivillig arbeid.

Ein av elevane er Tobias Notø (14).

– Valfaget er berre gøy og veldig annleis enn andre fag. Vi får gjort noko for andre i skuletida der vi kunne gjort ingenting, seier han.

Legg planer

Seljeseth er eigentleg lærar ved media- og kommunikasjonslinja, men då det ikkje blei meldt like stor interesse for media som for «innsats for andre»-faget var det klart at ho heller skulle vere lærar der.

STOLT: Faglærar Anne Marit Seljeseth er stolt over klassen sin.

STOLT: Faglærar Anne Marit Seljeseth er stolt over klassen sin. Foto:

– No planlegg vi eit arrangement med Flora frivilligsentral. Nokre prøvar å ordne gjestar til arrangementet, nokre ordnar kaker, nokre skriv pressemelding og nokre står for å pynte, seier Seljeseth.

Ho er stolt over elevane sitt engasjement. Heile 20 elevar ville gjere ein innsats for andre, og det verkar som dei ikkje angrar på valet sitt.

Elevane angrar ikkje

PÅ BLOKKA: Elevane planlegg korleis det skal sjå ut på arrangementet i vår.

PÅ BLOKKA: Elevane planlegg korleis det skal sjå ut på arrangementet i vår. Foto:

Elevane har gjort mykje praktisk arbeid. Det fortel Ina Martine Brendø (14).

– Det som er så kjekt er at vi ikkje er låst i eit klasserom, men kan gå ut og gjere praktisk arbeid. I starten av året gjekk vi ut for å finne ut kva som var behov for i samfunnet. Alle vart einige om å fokusere på eldre, og det er det vi har gjort vidare. Vi har blant anna hatt ein kino med dei, seier Brendø som no jobbar med å få med på arrangementet til våren.

Arrangementet dei planlegg skal haldast på ein søndag.

– Faget er berre gøy og vi ofrar lett ein søndag for valfaget, seier Anette Vågane (14) og Sondre Westbø Solberg (14).

Firda har tidlegare publisert ein artikkel om Halbrend-elevar som også tar «Innsats for andre»:  Baka sju sortar for å gi alle ein fin julaftan

Artikkeltags