Flora-russen har laga ti bod for russtida

FLORA-STYRET: Fv. Edwina Ann Kronen Rossi, Eivor Ottesen (revysjefar), Malisa Hatteberg (visepresident) og Viljar Ødelien (president).

FLORA-STYRET: Fv. Edwina Ann Kronen Rossi, Eivor Ottesen (revysjefar), Malisa Hatteberg (visepresident) og Viljar Ødelien (president). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Målet er at alle skal bli inkludert. Første bod er: «Nei er nei».

DEL

– Det vi skal gjere for å sikre ei god og trygg russetid er først og fremst å ha oversikt over vakter på alle arrangement, slik at vi er sikre på at det er nok. I tillegg til at vi har komme opp med «Dei 10 bod», der vi oppfordrar alle til å inkludere alle. Vi er dessutan klare på at alle har eit ansvar for eigne handlingar, seier russepresident Viljar Ødelien (18) er klar i si sak

Ødelien har ikkje hatt eit liknande verv før, men er vand til å ta ansvar i ulike gruppesamanhengar.

– Eg har tidlegare vore frivillig ansvarleg på Våt moro, og så har eg lært mykje gjennom ulike ansvar på handballen (som for eksempel cup, ferieskule, turnering). Eg er og heldig som har eit særdeles bra styre med meg, så dette skal nok gå bra. Spesielt har eg ein veldig god visepresident, seier Ødelien og viser til Malisa Hatteberg (18).

– Korleis har kjemien i russestyret vore så langt?

– Vi har fått til det som førebels er ei god fordeling. Viljar gjer ein veldig god jobb og vi står saman om ansvaret. Vi har faktisk byrja å tenke på lokale til dei ulike arrangementa allereie, og føler oss relativt godt budd til russekickoff i slutten av oktober, seier Hatteberg som stilte til val fordi ho ønsker å bidra til ei god russetid.

Revysjefar for Flora-russen 2018: Edwina Ann Kronen Rossi (på ryggen) og Eivor Ottesen.

Revysjefar for Flora-russen 2018: Edwina Ann Kronen Rossi (på ryggen) og Eivor Ottesen. Foto:

Flora-russen skal også i år ha revy.

– Vi har trua. For det første fordi det er allereie tydeleg at russestyret er positive og interesserte i å legge inn litt innsats. Vi bryr oss om russetida generelt og kanskje spesielt revyen, at den skal bli unik. Mange kjem med idear, og alle verkar interessert i å få til noko bra, seier revysjef Edwina Ann Kronen Rossi.

– Korleis skal de klare å lage ein unik revy?

– Vi er jo ein liten by, så det er vanskeleg å finne på nytt, mange idear går igjen fleire år. Men vi prøvar å lage revyen mest mogleg original med nye idear på ting som har skjedd dette året. Vi gjer vårt beste, og har tru, fortel Eivor Ottesen, som også er revysjef.

Flora-russens ti bod:

1. Nei er nei.

2. Russen 2018 skal ha eit godt omdømme.

3. Respekter alle, russ og andre medelevar.

4. Pass på kvarandre på fest.

5. Vi er alle ei stor gruppe i lag.

6. Fest med flest.

7. Alle må bidra, man trenger ikkje vere i styret for å hjelpe til!

8. Ta minst 1 shot i løpet av russetida med nokon du ikkje kjenner.

9. Drikk med omhug.

10. Enjoy!

Artikkeltags