Eldin Sijaric, Florø.
Nils Jakob Bakke Nydal

Musikk er ein stor del av kvardagen til Eldin, men det er ikkje alle instrument han er like stolt over å kunne

Publisert

Eldin Sijaric (16 år) er nyleg begynt på Florø vidaregåande skule og har det rett og slett ganske bra.

Korleis har dei første vekene på vidaregåande vore?

Dei har vore veldig positive. Eg har vorte kjend med nye vener og har blitt betre kjend med gamle vener. Lærarane har virka greie og flinke med det dei gjer. Så det går veldig bra.

Bortsett frå skule, kva andre ting er det du er driven i?

Eg spelar fotball og trenar nesten kvar dag. I tillegg er eg veldig opptatt av musikk, der hovudinstrumentet mitt er piano.

Kven er dine forbilde?

Mitt store forbilde i fotball er Cristiano Ronaldo. Han er veldig stor innanfor sporten, og skil seg ut i måten å vere på. Når det gjeld musikk har eg ikkje noko forbilde. Eg følger heller min eigen sti.

Når laug du sist?

Eg er ganske ærleg mesteparten av tida, men dei gongane eg lyg mest er når eg ler av ein vits eg eigentleg ikkje synest er morosam.

Eldin Sijaric går på Florø vidaregåande skule.

Eldin Sijaric går på Florø vidaregåande skule. Foto:


Kva er det kjekkaste du veit å gjere?

Å oppleve ting med andre og å vere saman med vener og familie.

Kven er din norske favorittkjendis?

Heilt ærleg har eg ingen favoritt blant norske kjendisar. Eg har ikkje sett nokon som appellerer til meg eller som eg kan heie skikkeleg på. Men globalt er det fleire kjendisar eg er fan av.

Kva er din beste og verste eigenskap?

Mine beste eigenskapar er at eg tilpassar meg fort, deltar i miljøet og brukar kunnskapen min til å forbetre meg. Min verste eigenskap må nok vere at eg spelar trekkspel.

Viss du hadde moglegheita til å skru tilbake tida, kva ville du ønskt å gjere?

Masse forskjellig, men eg trur eg i alle fall eg ville starta mykje tidlegare med musikk slik at eg hadde vore betre no. Det er veldig rikt å kunne eit instrument, det å lære seg samspel og få underhalde seg sjølv og andre.

Fortel noko ingen andre veit om deg.

Hm. At eg har ein spesiell musikksmak i forhold til andre. Mine favorittsjangerar er pop, rap og klassisk. Eg synest alle sjangrane er underhaldande og gode, og meiner fleire burde bli kjend med dei.

Artikkeltags