Vil ha tak over skateparken: – Det regnar jo heile året

ØNSKJER MEIR PENGAR:  Framme: Simen Helle B.v: Even Vee, Adam Munajev og Patrik Østervold ønskjer seg tak over den nye skateparken i Florø.

ØNSKJER MEIR PENGAR: Framme: Simen Helle B.v: Even Vee, Adam Munajev og Patrik Østervold ønskjer seg tak over den nye skateparken i Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Skateparken i Florø skal stå klar 1. juni. No ønskjer skatarane meir pengar slik at dei kan skate under tak.

DEL

– Skateparken treng tak! Det må vere spesielt, unikt og ikkje minst vasstett, seier Patrik Østervold (17).

Denne veka var det møte om den nye skateparken, som skal liggje ved Flora ungdsommskule, på Ungdomshuset Haffen. På møtet var også Simen Helle (16), Even Vee (14) og Adam Munajev (14).

Treng meir pengar

Etter at saka hadde vore tatt opp i ungdommens bystyre gjentatte gonger, fekk ungdommane 5,4 millionar kroner til bygging. Grunnmuren er planert og planlegginga for kva for element som skal settast opp er i full gang. Det einaste problemet er at 5,4 millionar ikkje er tilstrekkeleg viss dei også skal ha tak.

– Vi har fått mykje hjelp av profesjonelle til teikning og planløysing av parken, slik at flest mogleg kan bruke den, samstundes som at ein får utvikla seg på best mogleg måte, seier Østervold.

Ungdommane har tenkt nøye gjennom korleis skateparken skal sjå ut, og hadde teikningane klare då møtet starta. Daryl Nobbs har designa parken, og Betongpark er entreprenør.

– Blir dei første i fylket

– Kvifor er det så viktig med tak?

– Det regnar jo heile året, og vi ønsker at folk skal ha lyst til å gå ut å skate, seier Helle, som er ein av dei som har tatt opp saka i ungdommens bystyre.

– Kva er det beste med skateparken?

– Det beste er at vi skal få ein «bowl». Då blir vi dei første i Sogn og Fjordane, og kunne heilt sikkert trekt til oss endå fleire folk, seier Vee.

Ein «bowl» blir samanlikna med eit tomt basseng med runde kantar. Skatarane er alle einige i at det er å trekke folk til parken, er det viktigaste.

– Eg trur at det er mange som har lyst til å skate her i Florø, men som ikkje gjer det fordi dei ikkje har hatt ein skikkeleg stad å dra til, seier Simen Helle.

Slik vil dei ha det:

Asfalt ikkje godt nok

Gutane er vanlegvis utanfor Haffen når dei skal skate, men rampene er øydelagde og underlaget er ikkje godt nok.

– Det er ikkje noko kjekt å skate når du heile tida skal vere redd for å køyre på småstein eller store hakk i asfalten, seier Østervold.

Kommande tysdag skal bystyret ta stilling til om dei skal auke investeringsramma til skateparken frå 5,4 til 7,7 millionar kroner. Dette er for å ha nok pengar til eit tak på 300 kvadratmeter, som dekker delar av ein potensiell park på totalt 800 kvadratmeter.

Storleiken på taket er det rådmannen har vurdert som maksimalt for å halde seg innanfor dei vedtekne reguleringskrava i området. 

Om investeringsramma ikkje verte auka, kan det sjå ut til at parken vil bli ståande utan tak. Då må ein eventuelt byggje ein mindre park enn planlagd.

Artikkeltags